Vil ha nytt språk i Noreg

Vil ha nytt språk i Noreg
Vil ha nytt språk i Noreg
Artikkelen fortsetter under annonsen

Teiknspråk må bli det neste offisielle språket i Noreg, krev Noregs Døveforbund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto

Noregs Døveforbund krev at teiknspråk skal bli eit offisielt språk i Noreg, på linje med bokmål, nynorsk og samisk.

- Døve skal ha rett til å kunne bruke sitt eige språk. Dette har vi jobba mot sidan 1990. Ein ny lov har vore til behandling i Kulturdepartementet sidan 2004, og no er vi i dialog med departementet. Det ser lyst ut, seier generalsekretær i Noregs Døveforbund, Paal Richard Peterson til ABC Nyheter.

Liten status

Det er om lag 5.000 døve i Noreg i dag. Talet på teiknspråkbrukande er cirka 16.500 - då reknar ein med alle som kan teiknspråk gjennom yrket, som døvelærarar og tolkar, samt familiemedlemmer som kan teikn, men som ikkje er døve sjølve.

- I dag har ikkje teiknspråk og talespråk lik verdi. Vi ønskjer anerkjenning for det teikna ordet, seier Peterson,

Generalsekretæren kan ikkje svare på kva ei slik statusheving eventuelt vil koste for det norske samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi har ikkje oversikt over dei konkrete kostnadane, men vi trur ikkje det vil bli veldig dyrt. Det viktigaste er statusen til språket. Vi vil at teiknspråk skal bli respektert som eit minoritetsspråk. Vi forventar ikkje at alle skal kunne bruke det, men vi forventar at tilsette i kommune, stat og offentleg forvalting veit korleis dei skal få tak i ein døvetolk, til dømes. Dette skal ikkje vere den døve sitt ansvar.

Udemokratisk

Ifølgje Peterson blir teiknspråkbrukande indirekte diskriminert i dag, blant anna ved at dei ikkje får tilstrekkeleg med informasjon frå samfunnet.

- Under valkampar til dømes, så blir berre eit fåtal av valdebattane døvetolka på TV. Det er udemokratisk. Blir teiknspråk eit offisielt språk, forventar eg mykje større tilgang på offentleg informasjon, og at eg sjølv i større grad kan velje informasjonskanal, seier Paal Richard Peterson.

Synest du vi treng fleire språk i Noreg? Kva andre språk kunne i så fall vere aktuelle? Skriv inn di meining i kommentarfeltet under.