Spania invadert av blodsugande svartfluger

Spania invadert av blodsugande svartfluger
Spania invadert av blodsugande svartfluger
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein invasjon av svartfluger plager spanjolane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Svarfluga
Den blogsugande svartfluga er ein plagsom smittespreiar. (Foto: Wikipedia Commons)

Ein invasjon av svartfluger har fått styresmaktene i det nordaustlege Spania til å sende ut varsel på TV og flygeblad der dei rådar folk til å dekkje seg til og unngå elveområde tidleg om morgonen og ved skumring. Det melder Guardian.

Det blogsugande insektet har formert seg svært seg raskt langs elvene og reservoara i Catalonia og Aragon den siste tida.

Svartfloga er berre to til tre millimeter lang, mykje mindre og vanskelegare å få auge på enn mygg, men i fjor sendte det glupske bittet meir enn 2000 menneske på sjukehus i Catalonia aleine.

Fluga har kraftige kjevar. Bittet, som sprutar ein cocktail av kjemikaliar inn i offeret, kan føre til allergiske raksjonar. Ofte oppdagar ein ikkje skaden før etter at fluga har floge sin veg.

- Om myggen er ein kirurg som bit med ein sonde, er svartfluga ein slaktar som skrapar av huden og får deg til å blø, seier Raul Escosa, medlem av elvemiljøstyret til elva Ebro, som renn gjennom Catalonia, til den spanske avisa El Pais.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- VI måtte ta den 18 år gamle dottera mi til ein hudlege og ein allergolog fordi ho hadde fått ei mengde hevingar på åtte til ti centimeter, seier Jesus Llop, bystyremedlem i byen Mequinenza.

Svartfluga, Simulideknotten, blei først oppdaga i regionen i 1997, og har sidan auka kraftig i talet. I motsetnad til myggen, så formerer svartfluga seg i reint elvevatn. Regionale ekspertar trur at den pågåande invasjonen kjem av forbetra vasskvalitet og nye vatningskanalar, som skapar eit nytt habitat.

I Sveits skal ein angripande sverm svartfluge ha tatt livet av ein kalv.