Meny

Her er verdas styggaste hund

Her er verdas styggaste hund

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Elwood var for stygg til å leve, meinte oppdrettaren. No har han blitt kjendis.
Verdas styggaste
Blandingshunden Elwood vann «Verdas styggaste hund»-konkurransen fredag. (Foto: AP/Scanpix)

Elwood, ein to år gammal hund frå New Jersey i USA, blei i går kåra til verdas styggaste hund, melder AP.

Verdas styggaste hund er ei blanding mellom den hårlause hunderasen Kinesisk nakenhund og Chihuahua. Han har kvit hanekam og tunga hengande ut av munnen, noko som har gitt han namna «Yoda» og «E.T», på grunn av den store likskapen med desse berømte science fiction-karakterane.

Eigaren til Elwood, Karen Quigley, blei svært glad for prisen, men seier til AP at ho sjølv synest at hunden er «det søtaste som nokon gong har levd».

Det er andre gong at Elwood deltar i konkurransen, som finn stad under ein årleg byfest i Marin-Sonoma i California. I fjor kom Elwood på andreplass. Flesteparten av konkurrentane hans var også kinesiske nakenhundar.

- For stygg til å leve

Men eigentleg har Elwood flaks som er i live. Oppdrettaren hadde planar om å ta livet av han, fordi ho meinte han var for stygg til å kunne bli selt. Heldigvis for Elwood, var Karen Quigley av ei anna meining.

- Så ha ha, no er Elwood overalt på Internett og folk elskar og beundrar han, seier ho.

I tillegg til den ærefulle tittelen«styggaste hund», vann Elwood også 1.000 dollar (6.000 kroner).

Les meir og sjå andre deltakarar frå konkurransen her.

ABC Nyheter har også tidlegare skrive om kåringa «Verdas styggaste hund».

Her kan du lese om fjorårets vinnar og sjå bilde av hans stygge konkurrentar.

Og ikkje minst: Sam, som vann prisen tre år på rad.


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus