Georgia Brown (2) har ein IQ på 152

Georgia Brown (2) har ein IQ på 152
Georgia Brown (2) har ein IQ på 152
Artikkelen fortsetter under annonsen

To år gamle Georgia Brown har ein høgare IQ enn dei fleste vaksne. No har ho blitt yngste jente i Mensa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
To år gammal "Matilda"
Georgia Brown er like smart som Matilda kjend frå Roald Dahls bok. (Foto: Bokomslaget til boken Matilda, som i Norge gis ut av Gyldendal)

Då toåringen tok ein IQ-test, viste det seg at ho hadde høgare intelligens enn mange vaksne - nemleg ein IQ på 152. Normale, vaksne menneske brukar å få eit resultat på rundt 100 på slike testar.

Mensa

No har Georgia blitt det yngste kvinnelege medlemmet til Mensa, ifølgje Daily Mail. Den eksklusive klubben for spesielt intelligente menneske har berre 30 medlemmar i heile verda som er under 10 år gamle.

Foreldra Martin og Lucy Brown fra Hampshire i Storbritannia visste at dottera deira var smart. Den vesle jenta kunne krype då ho var fem månader og gjekk etter ni. Etter 14 månader kunne ho kle på seg sjølv og setje skorne på riktig fot.

- Ho prata veldig tidleg. 18 månader gammal hadde ho ordentlege samtalar, fortel mamma Lucy Brown til Daily Mail.

Georgia var så oppvakt at ho etter å ha sett Disney-filmen Skjønnheten og udyret sa til foreldra: - Eg likte ikkje Gaston (skurken). Han var stygg og arrogant.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lucy Brown såg likskapen mellom si eiga dotter og den hypersmarte jenta Matilda frå Roald Dahls bok med same namn, og byrja å uroe seg for den framtidige utdanninga til Georgia.

Perfekte sirklar

Difor tok ho kontakt med professor Joan Freeman, som utførte ein IQ-test på toåringen.

- Ho klarar lett oppgåver som ein forventar at ein femåring skal gjere. Og ho kunne teikne perfekte sirklar, noko som knapt vaksne menneske klarar, seier professor Freeman til Daily Mail.

Georgia, som går i barnehagen, var også i stand til å sjå forklare mellom rosa og lilla, ei evne som dei fleste barn lærer rundt førskulealder.

- Eg må stadig minne meg sjølv på at ho berre er to år, seier Freeman.

Men Georgia er også som ein kvar annan toåring innimellom - med ordentleg temperament.

- Ho kan få raseriutbrot og slenge seg skrikande på golvet. Og ho har ein veldig spesiell humor, fortel mora til avisa. Men ho understreker også at dottera ikkje trur at ho er betre eller smartare enn andre.

- Ho er eit veldig snillt og elskeleg barn, seier mora.