Set spor etter seg
Utstillinga «Spor etter oss» er meint til å dokumentere det fleirkulturelle Noreg, og er eit resultat av prosjektet «Oslos Multikulturelle Arkiver», som Oslo byarkiv står bak. Prosjektet har hatt som mål å bevare arkiva etter innvandrarbefolkninga i Oslo og har fått støtte frå ABM-utvikling, Norsk kulturråd og Institusjonen Fritt Ord.
Prosjektleiar og utstillingsansvarleg, Ellen Røsjø, håpar utstillinga skal gjere folk merksame på historiene frå innvandrarane sjølve.
- I tillegg håpar me å bli betre kjent som institusjon, meiner ho og viser til at arkiva ofte er prega av styresmaktene sitt blikk på innvandrarane.
Eit annleis blikk
Denne utstillinga skal derimot vise minoritetane sine eigne historier og gi eit annleis og utradisjonelt blikk på innvandrarorganisasjonane.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenProsjektet har også resultert i eit hefte med same namn som utstillinga.
Ifølgje prosjektet sine eigne heimesider kan ein i heftet til dømes lese om den svarte songaren Ruth Reese sitt møte med eit Blenda-kvitt Noreg, om A/S Jøtul som var ein smeltedigel av ein arbeidsplass, om korleis pakistanske barn fekk bøker på morsmålet og om kvifor Oslo Plaza er vendt mot Mekka.
Positive krefter
I 2007 har kvar femte innbyggar i Oslo multikulturell bakgrunn.
- Me ynskjer å vise dei positive kreftene dette utgjer, seier Røsjø og viser til prosjektet som har gått over ein periode på tre år.
Utstillinga vert vist på IKM Internasjonalt Kultursenter og Museum fram til og med 26 juni.
Illustrasjonsfoto frå Flickr.