Glossy jenteblad for muslimske jenter

Glossy jenteblad for muslimske jenter
Glossy jenteblad for muslimske jenter
Artikkelen fortsetter under annonsen

I USA har muslimske tenåringsjenter no fått sitt heilt eige, glansa magasin, som blandar mote- og sminkestoff med religion og etikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Bladet for tenåringsmuslimen:
I «Muslim Girl» får muslimske tenåringsjenter sminke- og motetips, dei får svar på spørsmål kring etikk og moral og lese om sterke kvinnelege forbilder. (Foto: Faksimile av bladet)

Det amerikanske magasinet «Muslim Girl» tar opp spørsmål og problemstillingar som neppe vil vere å finne i norske «Mag» eller «Inside».

Det seks månader gamle jentebladet har som eit uttalt mål å hjelpe unge jenter med den balansegangen det er å skulle vere ung jente i eit moderne, vestleg samfunn - der ungdomskulturen blir skulda for å vere sexfokusert og kjendisstoff og seksuelle bilde dominerer vekepressa - og samstundes vere tru mot dei islamske verdiane.

Mote og sminke

«Muslim Girl» har ein seriøs tone og eit sterkt religiøst perspektiv. Dei skriv om sterke kvinnelege rollemodellar, nyaste nummer har blant anna ein artikkel om den første kvinnelge presidentkandidaten i Afghanistan, og historier om korleis tenåringsmuslimar tar del i typiske amerikanske aktivitetar, som til dømes cheerleading og speidargrupper, utan å miste trua.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men magasinet er også eit alminneleg, moderne jenteblad i det at det fokuserer på reportasjar og tips om mote, styling og sminke - om enn med noko anna fokus enn det ein vanlegvis brukar å finne i slike magasin. For her handlar det ikkje om sesongens korte sommarskjørt eller hottaste bikinimote, men tvert imot «lange kjolar for dei lange sommardagane» og tips til korleis du kan style hijaben («cool covers for hot summerdays»). Stoffet er med andre ord tilpassa eit publikum som kler seg konservativt. Modellane viser ingen hud frå halsen og ned til ankelen, og sminkereportasjane fokuserer gjerne på ein «naturleg look».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Elles er det reportasjar om alt frå American Idol til YouTube og diverse kjendisstoff - men kjendisane er gjerne muslimar sjølve, som til dømes i ei spørsmål-og-svar-sak om det danske hip-hop-bandet Outlandish, der to av medlemmane er muslimar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Moral, ikkje sex

Men der andre jenteblad har spørjespalter der ungdom kan stille spørsmål om kjærleik og sex, handlar spalta i «Muslim Girl» meir om moralske og etiske dilemma.

Ei tenåringsjente skriv inn og fortel at ho snart skal avslutte high school, men at ho ikkje får lov til å gå på det tradisjonelle skuleballet («prom»).

[...] Foreldra mine burde stole nok på meg no til å vite at eg ikkje kjem til å gjere noko sprøtt om eg går på skuleballet, men dei vil framleis ikkje la meg gå. Eg vil ikkje vere respektlaus, men eg er nesten ein vaksen no. Om du held deg innanfor dine eigne grenser, kva er gale med å gå på skuleballet?

Jenta får eit omfattande, seriøst svar og blir råda til å ta opp saka med foreldra på ny, og foreslå reglar, som at ho kan ringje dei ein gong i timen eller be vennane sine fungere som «anstand». Ho blir dessutan oppmoda til å vise forståing for foreldra sine bekymringar, og det blir understreka kor viktig det er at ho held ord og ikkje bryt avtalen med dei, for å byggje tillit.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Økonomisk trøbbel

Sjefsredaktør Ausma Khan fortel til avisa San Francisco Chronicle at dei, trass i den seriøse tonen, får inn fleire klager på at dei er for frisinna i bladet. Blant anna får dei kritikk for å publiserere bilder av unge kvinner som ber og studerer utan å ha på seg den tradisjonelle hijaben eller klede som dekkjer armane deira.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit større problem er at bladet fort kan få økonomiske vanskar. I USA bur det om lag 400.000 muslimske tenåringsjenter, og bladet har i dag 25.000 abonnentar, eit tal som dei ifølgje redaktøren drøymer om å firedoble innan utgangen av 2007.

Men bladets største kommersielle utfordring er at det ikkje kan akseptere 90 prosent av reklamen som blir godtatt i andre magasin, fordi dei gjev seksuelle assosiasjonar eller viser for mykje naken hud. Andre store annonsørar skyr unna fordi dei føler at det vender seg mot eit smalt publikum. Likevel håpar sjefsredaktør Khan at bladet vil vere sjølvforsørga innan utgangen av året.