Krypdyr smugla i hagenissar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fekk seg litt av ei overrasking, dei australske tollarane som under ein rutinesjekk fann slangar og øgler gøymt inni hagenissar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein tolloffiser fjernar ein slange frå ein av hagenissane som blei forsøkt smugla inn i Australia. Til saman fann tollarane sju slangar og åtte øgler. (Foto: AFP/Scanpix)Ein tolloffiser fjernar ein slange frå ein av hagenissane som blei forsøkt smugla inn i Australia. Til saman fann tollarane sju slangar og åtte øgler. (Foto: AFP/Scanpix)

Nissane med det noko uvanlege bukinnhaldet var ein del av ei større samling hagenissar sendt frå England.

Det melder nyheitsbyrået AP.

Storsending

Reptila blei oppdaga då sendinga med hagenissar blei opna, og tollarane fann to slangar og tre øgler som romesterte rundt i holrommet på innsida av dei fargerike figurane.

Då tollarane dagen etter mottok endå ei sending med keramikkfigurar, undersøkte dei denne også. Røntgenfotografering avslørte heile fem slangar og fem øgler, stappa inn i ulike keramiske pyntegjenstandar.

Begge forsendingane var tolldeklarerte som gåver.

Ti års fengsel

Det har ikkje kome fram kva slag typar slangar og øgler det er snakk om.

Det er ulovleg å innføre reptil til Australia utan lisens. Ingen har foreløpig blitt arrestert for smuglinga, men tollvesenet seier at dei held fram med etterforskinga.

Smugling av krypdyr har ei maksimumsstraff på ti års fengsel og bøter på opptil 92.000 dollar (570.768 kroner).

Reptila måtte avlivast grunna karantenereglar.