Kina byggjer asfaltert veg til Mount Everest

Kina byggjer asfaltert veg til Mount Everest
Kina byggjer asfaltert veg til Mount Everest

Som ein del av førebuinga til OL neste år, byggjer Kina veg til Mount Everest.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Drøymer du om å nå toppen av Mount Everest, kan utfordringa snart bli atskillig enklare enn det du såg for deg.

No byggjer kinesarane nemleg ein veg som skal gå gjennom det som til no har vore ein av verdas mest utilgjengelege regionar, melder Guardian.

Asfalt og autovern

Vegen er planlagt å gå opp til hovudleiren som ligg 5.200 meter over havet. Det som då vil bli verdas høgstliggjande hovudveg, vil bli asfaltert og utstyrt med autovern.

Prosjektet - som vil kome på 128 millionar kroner - vil ifølgje nyheitsbyrået Xinhua starte neste veke og ta om lag fire månader å fullføre.

Føremålet med vegen var opprinneleg å glatte ut ruta til den omfattande olympiske fakkelstafetten som Kina planlegg, men han vil seinare bli brukt til å utvikle Everest-regionen til ein feriestad.

«Vegen vil bli bli hovudruta for turistar og fjellklatrarar som i stadig større tal trengjer seg saman på fjellet Qomolangma, som i Vesten er kjent som Mount Everest,» melder Xinhua.

Miljøvernarar fryktar at bygginga av vegen vil ha katastrofale konsekvensar for økologien i regionen.

Høge OL-ambisjonar

Kina har svært høge ambisjonar for OL i Beijing. Dei legg blant anna opp til den mest omspennande fakkelstafetten i historia.

Den 97.000 kilometer lange 130-dagars stafetten skal krysse fem kontintent og vere innom toppen på Mount Everest, 8.850 meter over havet.

Dette har allereie blitt eit stridstema. Tibetanske fridomskjemparar motsetjer seg Kinas krav på Himalaya-regionen, som blei okkuperte i 1950.

Taiwan nektar dessutan å la fakkelstafetten passere gjennom sitt territorium, for å markere sjølvstende frå Kina. Dette skal ha brakt Beijing i harnisk, kinesiske styresmakter ser nemleg den til dels sjølvstyrte øya som ein fråfallen kinesisk provins.

Personvernpolicy