Halvard lærte aldri å lese

Halvard lærte aldri å lese
Halvard lærte aldri å lese

Han er 45 år og kan verken lese eller skrive. Men engelsk kan han. Det har han lært av Elvis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Halvard har budd i Nedre Vats heile livet. Han har det som vaksne flest: Jobbar lange dagar, lagar middag, ser på tv, låser døra i sitt eige hus når han går og legg seg om kvelden. Det som skil han frå andre på hans alder, er at han ikkje kan lese. Han kan heller ikkje rekne eller skrive. Korleis går det an?

- Eg greier meg, seier han. - Eg jobbar og tener eigne pengar.

Nesten umuleg

- Eg kan lese litt. Viss eg støyter på ord eg ikkje greier, kan eg lese ordet før og etter, og så gisse meg til kva det står i mellom.

Men det går ikkje an å halde på slik med store mengder tekst. Han syner fram eit infoskriv han som bonde og saueklippar kunne hatt nytte av å lese. Skrivet er på fire A4-sider, dei fleste hadde kome gjennom det på eit kvarter.

Munduren er klar, men Halvard er ikkje sikker på om det å drøyme om eit nytt liv er det same som å ville ha det. (Foto: Toyni Tobekk)Munduren er klar, men Halvard er ikkje sikker på om det å drøyme om eit nytt liv er det same som å ville ha det. (Foto: Toyni Tobekk)

For Halvard blir det alt for mykje tekst på ein gong, det blir umuleg.

Han les heller på eit anna vis, på sin eigen måte. I staden for å lese tal og bokstavar, les han bilde, situasjonar og kroppsspråk.

- Viss eg ser ein flokk med sauer, kan eg fort fortelje deg kor mange det er i flokken, forklarar han.

Skar seg

Halvard har gått niårig grunnskule som alle andre i hans generasjon, men ein gong i løpet av skuleåra skar det seg.

- Det er ikkje noko gale med hovudet mitt, seier han.

- Eg er i midten i ein søskenflokk på åtte, og alle søskena har fått med seg det dei skulle frå skuletida. Dei har gode jobbar i dag.

Sjølv var han ein sky gut, meiner han. Ikkje så lett å kome inn på, ikkje så lett å tolke. Og då skulen prøvde å gje han ekstraundervisning, gjekk samspelet mellom skule og heim skeis.

- Eg vil ikkje henge ut nokon, gjentek han gong på gong.
- Det gjekk berre ikkje, sjølv om læraren min prøvde og prøvde.

Pappskilt og munnleg

Så blei det ikkje meir skulegang heller, når grunnskuleåra tok slutt. Kanskje burde han blitt stimulert meir, tenkjer han, men slik blei det ikkje. I staden byrja han å jobbe, og med jobben kom trongen til å vere mobil.

- Korleis har du greidd å ta førarkort?
- Vanleg lesing fungerte sjølvsagt ikkje, så eg fekk munnleg opplæring. Læraren sette opp pappskilt til meg i timen og så høyrde han meg i dei når me var ute og køyrde. Teoriprøva tok eg og munnleg.

Til slutt fekk han lappen, men det er svært avgrensa kor han køyrer. I distriktet kor han bur, og elles der han er på saueklypping, kan han vegane utanåt, så det går greitt. Å køyre til nærmaste by går derimot ikkje. Han kan vegen til Haugesund, men greier ikkje å orientere seg inne i byen. I det heile kan han ikkje køyre der det er stadskilt han ikkje har sett før.

Nokon bryr seg

Førarkort er ein ting, men det er så uendeleg mange andre område i livet ein treng å kunne lese og skrive for å meistre kvardagen. For Halvard har nokre av desse utfordringane løyst seg via ein hjelpsam nabo. Ho hjelper han å betale rekningar, tar han med på handling og tar imot bestillingar på klypping. Han har mobilnummer, og ho har mobilen hans.

Tekstmeldingar vinn han ikkje med, det blir for mange operasjonar. Den digitale verda kan han dessutan gjerne avstå frå.

- Data er ikkje noko for meg. Eg ville ikkje hatt det.

Han har meir tru på det mellommenneskelege:
- Verda ville vore ein mykje betre plass viss me brydde oss og tok oss meir tid til kvarandre.

Naboen som har vist at ho bryr seg, meiner folk har så lett for å mistolke. At folk i nærmiljøet kanskje tolka Halvard feil den gongen han var ung og enno hadde alle desse mulegheitene føre seg til å lære.

Har gitt opp

Sky er han for så vidt enno, meiner ho. Men i vaksen alder har han fått vist at han kan.

- No kjenner folk han som ein som jobbar og som kan jobben sin.

Halvard har prøvd å lære seg å lese i vaksen alder, men det har bydd på alt for store utfordringar i forhold til jobben. Saueklippinga føregår heile året, og i dei travlaste sesongane går det nesten sju dagar i veka. Då blir det lite tid til å følgje opp skulegong. Ikkje vil han seie nei til nokon heller, han vil ikkje myste kundar. No har han nesten gitt opp.

Lært av Elvis

Pussig nok kan Halvard snakke engelsk. Og det er takka vere ei interesse for musikk og song.

- No skal du sjå kven som har lært meg det, seier han og forsvinn ut ein augneblink.

Han kjem tilbake med eit stort bilde fint ramma inn med ei enkel, svart ramme. Det er eit svart-kvitt portrett av ein ung og smilande Elvis Presley. Halvard likar å syngje og har lært seg Elvissongar utanåt.

- Når eg er rundt om hos folk, så spør eg om det kan fortelje meg kva dei ulike orda tyder. Slik har eg lært meg litt engelsk.

Dermed kan han utan problem følgje med på tv-program med engelsk tale, utan å måtte lese undertekstane.

- Eg ser ein del på Discovery, likar å sjå på naturprogram.

Rock’n’roll

Halvard er dessutan ein samlar av natur. Han samlar på cowboy-effektar, fortel han og viser fram: kvegdrivarfrakk, cowboyhattar frå fleire verdsdelar, sporar og lisser, eit flott revolverbelte og eit lêrbelte med skinnbukse handsydd av ein indianar.

Når han kler på seg desse effektane blir han ein annan Halvard. Eller kanskje blir han meir seg sjølv.

- Me må akseptere at me er ulike, ikkje sant? spør han.
- Kva ville du vore viss omstenda var annleis? Har du tenkt på det?

Det har han både tenkt på og drøymt om. Han er ikkje i tvil kva han skulle vore viss han fekk velje på øvste hylle:

- Trailersjåfør på kontinentet. Rockeartist. Eller skogsarbeidar i Alaska.

Om det framleis er tid for han til å realisere draumane sine, vil han ikkje seie noko om. Det går rimeleg greitt, det livet han har her og no og.

FAKTA:

Leseferdigheit:
OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) måler leseferdigheit i fem nivå, kor nivå 1 er det dårlegaste.

Om lag 8 prosent av befolkninga i Noreg mellom 16 og 65 år har leseferdigheit på nivå 1. Det vil seie at dei berre beherskar enkel tekst.
25 prosent av den vaksne befolkninga har svak leseferdigheit og skårar på nivå 2.

Dei eldste i aldersgruppa er dei svakaste lesarane.

Funna skriv seg frå undersøkinga Voksnes lese- og mestringskompetanse (Adult Literacy and Life skills – ALL) frå 2003 og 2006. Undersøkinga blei gjennomført blant vaksne mellom 16 og 65 år i Bermuda, Canada, Italia, Noreg, Sveits og USA.

Lesesenteret i Stavanger anslår at om lag 400 000 vaksne i Noreg ikkje har leseferdigheita som krevst for å fungere i det norske samfunnet.

Lov og rett:
Alle vaksne over 16 år har rett på gratis grunnskuleopplæring viss dei treng det, sjølv om dei har fullført grunnskulen tidlegare. Opplæringa skal vere tilrettelagt for vaksne og tilpassa behovet til den enkelte. (Kjelde : vox.no)

Lov om vaksenopplæring frå 2000 gir alle fødde før 1978 rett til vidaregåande opplæring dersom dei ikkje har gjennomført slik opplæring tidlegare.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus