Tidlegare Lyn-spelar dradd inn i engelsk overgangskaos

Tidlegare Lyn-spelar dradd inn i engelsk overgangskaos
Tidlegare Lyn-spelar dradd inn i engelsk overgangskaos

Rapporten om fleire tvilsame overgangar i britisk fotball blei offentleggjort i dag. Blant dei nemnde er keeper Ali Al-Habsis overgang frå Lyn til Bolton.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Innblandet i overgangsnusk

Tidligere Lyn-spiller, Ali Al Habsi, skal være involvert i overgangsskandalen som omhandler overganger innen engelsk fotball.

Foto: Scanpix

Fem eliteserieklubbar er nemnde i rapporten, melder BBC. Det er Chelsea, Newcastle, Bolton, Middlesbrough og Portsmouth.

Utvalet som står bak rapporten blei utnemd av det engelske fotballforbundet og leia av tidlegare politimeister John Stevens. Dei har sett på 362 overganger som har funne stad mellom 2004 og 2006.

Bakgrunnen var rykte om ulovlege overgangar, snusk og pengar under bordet.

No har dei funne brot på regelverket i 17 overgangar. Blant desse er Ali Al-Habsis overgang frå Lyn til Bolton. Andre er Didier Drogba og Petr Cechs overgangar til Chelsea.

Også dei to managerane Sam Allardyce og Graeme Souness blir nemnde i rapporten.

Dei tvilsame overgangane som blir nemnde i rapporten:

  • Bolton
    Ali Al-Habsi, Tal Ben Haim, Blessing Kaku, Julio Correia.

  • Chelsea
    Didier Drogba, Petr Cech, Michael Essien.

  • Middlesbrough
    Fabio Rochemback, Yakubu.

  • Newcastle
    Jean Alain Boumsong, Emre Belozoglu, Amady Faye, Albert Luque.

  • Portsmouth
    Collins Mbesuma, Benjani Mwaruwari, Aliou Cisse.

  • (Kjelde: BBC)


Personvernpolicy