83-åring fyllekøyrde inn i naboens hage

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mannen hadde ein promille på 1,88, svekka syn og nedsatt hørsel då han brasa inn i hagen til naboen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mannen hevdar at han drakk ei halv flaske vodka på styrten etter at bilen sette seg fast i gjørma i hagen til naboen. Like etterpå blei han pågripen av politiet, melder NRK.

Sarpsborg tingrett trur ikkje på forklaringa til mannen.

- Dersom han drakk ei halvflaske på styrten like før han blei pågripen, ville promillen ikkje vore så høg som 1,88 etter berre vel ein halv time, understreker retten ifølgje NRK.

37 prosent vodka

Mannen skal i tidlegare avhøyr ha forklart at han køyrde til polet i Rakkestad og kjøpte ei halv flaske 37 prosent vodka. Han byrja umiddelbart å drikke av flaska. Idet han skulle køyre heim til seg sjølv, bomma han på innkøyringa og hamna i hagen til naboen.

Tidlegare dømd

Mannen er også tidlegare straffa for promillekøyring.

Sarpsborg tingrett dømde mannen til 30 dagars fengsel med ei prøvetid på to år. I tillegg må 83-åringen betale ei bot på 15.000 kroner. Han blei også frådømt sertifikatet for all framtid.