Dødsstraff for porno

Dødsstraff for porno
Dødsstraff for porno
Artikkelen fortsetter under annonsen

I Iran kan pornoindustrien bli ei dødeleg forretning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag stemte Irans nasjonalforsamling for eit lovforslag som kan resultere i dødsstraff for menneske som er dømde for å delta i produksjon av pornofilmar. Det meldte AP onsdag.

Med 148 stemmer mot 5 vedtok lovgivarane forslaget, der det blir slått fast at «produsentar av pornografisk arbeide og hovudelement i produksjon er rekna for å vere verdas forderva og kan bli straffedømde som dette».

Termen «verdas forderva» er henta frå Koranen, og blir rekna for å vere den verste nemninga ein lovbrytar kan få. I Iran er det einsbetydande med dødsstraff.

Ifølgje John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty, aukar talet på avrettingar i Iran.

Råkar alle involverte

- I fjor kjenner vi til 177 avrettingar. Dødsstraff blir ikkje berre brukt ved drap, men også for såkalla moralske lovbrot; utroskap og den typen ting. Iran brukar også dødsstraff ved narkotikabrotsverk og er det einaste landet i tillegg til Pakistan som også avrettar mindreårige, seier han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det nye lovforslaget råkar alle som er involverte i produksjonsprosessen, som produsentar, instruktørar, kamerafolk og skodespelarar. Det gjeld heller ikkje berre for filmar, men alt av elektronisk, visuelt materiale, som DVDar, CDar og videoar. Pornoblad og bøker med pornografisk innhald er allereie forbodne.

For at lovforslaget skal bli ein gjeldande lov, må det godkjennast av det såkalla vaktarrådet (The Guardian Council), som har stor makt i det konservative, islamske landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ikkje tomme truslar

John Peder Egenæs presiserer at Iran sjeldan kjem med tomme truslar. Blir loven vedtatt, kan vi rekne med at folk vil bli avretta for å spele inn ein pornofilm.

- Dødsstraff er etter mi meining spesielt grufullt og opprørande når det blir brukt på såkalla brot på den «offentlege moral», seier han til ABC Nyheter.

Men iranske styresmakter kan etter hans syn ikkje forvente at den strenge straffa vil ha preventiv verknad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det vi har sett frå narkotikabrotsverk, er at bruk av dødsstraff ikkje fører til nedgang av narkotikatrafikken, tvert imot gjer den auka risikoen at profitten auker og bakmenna tener endå fleire pengar.

Pornoskandale

Ifølgje AP kjem lovforslaget som ein reaksjon på ein av Irans store skandaler i fjor. Ein privat videofilm, som skal vise den iranske skodespelaren Zahra Amir Ebrahimi ha samleie med sin dåverande kjæraste, blei lagt ut på Internett og selt på svartebørsen over heile Iran.

Ebrahimi er ein av Irans best kjende skodespelarar. Sex utanfor ekteskapet er strengt forbode i landet, og etter at videoen kom ut fekk Ebrahimi sparken frå ein populær såpeserie. Saka blir dessutan etterforska og ho risikerer rettsak og straff.

Det er den tidlegare kjærasten hennar som er mistenkt for å ha distribuert den private filmen. Han har flykta til Dubai, men risikerer tre års fengsel og ei bot på 6.000 pund for å ha fornærma den offentlege moralen om han blir tatt.