Narkohundar fekk sparken etter sextrakassering

Narkohundar fekk sparken etter sextrakassering
Narkohundar fekk sparken etter sextrakassering
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Tissa på bagasjen og var altfor opptatte av kvinnebein.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Ikkje skuldig
Det må understrekast at hunden på bildet ikkje har noko med saka å gjere. (Illustrasjonsfoto: Flickr.com)

To thailandske laushundar hadde klatra i karrierestigen og arbeidde som narkojegarar på flyplassen Chiang Rai like ved grensa for Laos og Burma. Området er kjend for omfattande opiumproduksjon.

Hundane Mok og Lai blei plukka opp frå gata og gjort til politihundar, under eit program starta av kong Bhumibol Adulyadej, skriv Reuters.

Trass i at dei to skal ha gjort ein strålande innsats som narkojegarar, skal det ha kome så mange klager frå passasjerane at hundane no har fått sparken. Årsaka skal vere skvetting på bagasje og plagsamt stor interesse for kvinner:

- Han likte å tisse på basasjen medan han søkte etter narkotika på innsida, fortel Mok sin tidlegare eigar, politiløytnant Jakapop Kamhon til avisa Bangkok Post.

Mok skal også ha vore svært interessert i kvinnebein.

- Begge to var like gode som utanlandske, trente narkotikahundar, fortel politimannen. - Men dei var laushundar, så dei hadde dårlege manerar.

Mok og Lai arbeider no på ein bondegard der dei gjeter kyllingar ogh grisar, fortel avisa.