Mangel på etternamn i Kina
I Kina deler meir enn ein milliard menneske 100 etternamn. Det skaper forvirring.
I eit land med 1,3 milliardar menneske deler om lag 85 prosent av befolkninga på berre 100 etternamn, ifølgje ei nasjonal kartlegging som blei utført av i april. Det dårlege mangfaldet på namnefronten fører til trøbbel og forvirring i dagleglivet til kinesarane, melder Cina Daily.
I dag får barn berre lov til å ta etternamnet til anten mora eller faren, men fordi det er så få etternamn i bruk, er det i dag 93 millionar menneske i Kina som deler namnet Wang, som betyr «konge».
På grunn av all forvirringa dette fører med seg, vurderer no kinesiske styresmakter å løyse opp på den strenge namnelova.
Wang Tao mest populært
92 millionar menneske heiter Li til etternamn, medan 88 millionar blir kalla Zhang. Vidare er det sju etternamn - blant anna Chen, Zhou og Lin - som blir delt av minst 20 millionar kinesarar kvar.
Ein annan rapport melder at minst 100.000 menneske deler Kinas aller mest populære namn Wang Tao.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenKombinere
I eit utkast til eit nytt lovforslag er det no foreslått at foreldre skal kunne kombinere etternamna sine for barna, noko som opnar opp for 1.28 millionar nye moglegheiter, ifølgje China Daily.
Ein far med til dømes namnet Zhou og ei mor med namnet Zhu kan velje å kalle barnet anten Zhou, Zhu, Zhouzhu eller Zhuzhou.
Å gi barna kombinerte etternamn skal allereie ha blitt populært blant yngre par, trass i at det framleis strengt tatt ikkje er lov.