Kvinner må framleis tie

Kvinner må framleis tie
Kvinner må framleis tie
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er framleis berre menn som får sitte i styret i Misjonssambandet i Stavanger. - Trist, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Oppgitt
Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås er oppgitt over at Misjonssambandet i Stavanger nektar å ta kvinner inn i styret. Foto: Heiko Junge / SCANPIX

«Kvinner skal tie i forsamlingar» skreiv Paulus for to tusen år sidan. Norsk Luthers Misjonssamband i Stavanger meiner det er ei så framifrå ordning at dei vil halde på den, trass i at Stavanger er den einaste kretsen som framleis ikkje tillet kvinner i styret.

For knapt fleirtal

På årsmøtet laurdag blei det fleirtal for at kvinner skal kunne bli valde. Men fleirtalet var berre på 52, 2 prosent, noko som er for knapt til å endre regelverket, melder Aftenbladet. Skal det skje endringar, må to tredelar stemme for forslaget.

Styreleiar Anders Olsen var ein av dei som stemte mot ei endring.

- No er det sånn at det er årsmøtet i kretsen som skal vedta ei slik endring, og når det ikkje fekk det naudsynte fleirtalet for å endre på det er det ikkje meir dramatisk enn at vi held fram som før, seier han til Aftenbladet.

Det er Bibelen sitt atterhald om at det er mannen som skal ha alt læreansvar som er grunngjevinga for at kretsstyret i Norsk Luthers Misjonssamband i Stavanger framleis ikkje opnar opp for kvinner i styret.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mannen blei ifølgje Bibelen skapt først, og har fått eit særleg læreansvar, og dette ansvaret har også styret, seier kretssekretær Øystein Meling.

Saka blei behandla etter forslag frå hovudstyret i Norsk Luthersk Misjonssamband. Både hovudstyret og rådsmøtet nasjonalt er berre for menn, men Stavanger er den einaste av dei 16 kretsane som ikkje tillet kvinner i styret.

- Trist

Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås er oppgidd over avgjersla til Misjonssambandet.

- Det er trist at vi ikkje har kome lenger i 2007, seier ho til Aftenbladet.

Ho vil gjerne sjå på saka.

- Det hadde vore interessant å sette på den juridiske biten om vi hadde fått inn ei klage, seier ho.

Det er Anders Olsen ueinig i.

- Eg kan ikkje sjå at dette har med diskriminering å gjere, seier han.

Sist årsmøtet stemte over saka, var i 1990. Det er usikkert når debatten kan kome opp igjen.