Madeleine-politi mistenkt for tortur

Madeleine-politi mistenkt for tortur
Madeleine-politi mistenkt for tortur
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjefsetterforskaren i Madeleine-saka er sikta for bruk av tortur i ei anna forsvinningssak.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
I Marokko
Foreldra til den forsvunne Madeleine (4), Kate og Gerry McCann, landa på flyplassen i Casablanca søndag. Dei har tidlegare besøkt Spania, Italia ogTyskland på jakt etter dottera. (Foto: Scanpix/Reuters)

Goncalo Amaral, den portugisiske etterforskeren som koordinerer etterforskninga etter Madeleine, er i helga blitt sikta for bruk av tortur i ei liknande forsvinningssak.

Også fire andre portugisiske polititenestemenn er sikta, skriv Times i dag.

Slått under avhøyr

Ni år gamle Joana Cipriano forsvann for tre år sidan frå ein landsby om lag ti kilometer frå der Madeleine forsvann. Mora hennar og onkelen blei dømde for å ha drepe jenta. Mor til Joana, Leonor, hevdar at ho tilstod etter å ha blitt slått under eit politiavhøyr, som fann stad utan at advokaten hennar eller påtalemakta kjende til det.

Den portugisiske statsadvokaten stadfesta søndag at tre polititenestemenn var sikta for tortur, ein fjerde for å ha skjult bevis og ein femte for dokumentfalsk. Goncalo Amaral er blant dei sikta, men det er ikkje kome fram kva som er innhaldet i siktinga mot han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Uroa

Trass dei alvorlege skuldingane, har ikkje Amaral blitt suspendert frå etterforskinga av Madeleine-etterforskinga, som starta for 39 dagar sidan.

Foreldra til Madeleine, Kate og Gerry McKann, blei informert om siktinga i går. Ein talsmann for familien opplyser at dei er svært uroa over skuldingane.

- Kvart einaste land i verda følgjer saka. Vil den portugisiske regjeringa ha den slags kjeltringar som etterforskarar? Eg tvilar på det. Eg finn det svært usannsynleg, uttalte Madeleines tante Philomena.

Norsk vitne ikkje avhøyrt

Politikjelder seier at Amaral skal ha blitt «svært sint» for skuldingane. Han skal også vere oppgitt over at media ikkje skriv om hans mange suksessar som etterforskar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På same måte som Madeleine-saka har blitt skulda for å kome skeivt ut, skjedde det feil også under etterforskinga av Joanas forsvinning. Huset der ho sist blei sett blei til dømes ikkje forsegla av politiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Også foreldra til Madeleine har gitt uttrykk for frustrasjon på grunn av forseinkingar i dei tidlege stadia av etterforskinga av Madeleines forsvinning.

I går kveld kom det fram at det norske vitnet Mari Olli, som hevdar at ho såg Madeleine på ein bensinstasjon berre dagar etter at ho forsvann, enno ikkje har blitt avhøyrt av politiet, sjølv om politiet har forsikra ekteparet McCann om at dei har etterforska tipset fullt ut.

- Eg er 99,9 prosent sikker på at det var Madeleine eg såg, sa den norske kvinna til Daily Mail 18. mai.

Politiet innrømma førre veke at dei enno venta på bileta frå overvakingskameraet på bensinstasjonen.

Foreldra til Madeleine kom til Marokko søndag. Der skal dei blant anna ha møte med presse og politikarar. Ekteparet McCann har sidan Madeleine blei bortført frå Algarve 3. mai reist Europa rundt for å få støtte og merksemd kring forsvinninga.

Relaterte saker:

- Nei, vi har ikke drept Maddie

Madeleines foreldre til Tyskland

Norsk kvinne: - Jeg så Madeleine i Marokko