Elleve luftballongar måtte naudlande

Elleve luftballongar måtte naudlande
Elleve luftballongar måtte naudlande
Artikkelen fortsetter under annonsen

Minst sju personar blei skadde etter krasjlanding med luftballong.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Styrta
To luftballongar styrta på Kärrtorps IP i Stockholm søndag kveld. Minst sju personar blei lettare skada. Foto: Pontus Lundahl / SCANPIX

Luftballongane har foke fredeleg over eit sommarvamt Stockholm i fleire dagar. I går såg det ut til å bli endå ein roleg tur i sola. Men det endra seg brått. Ein kraftig vind, regnbyger og torevêr sette inn, og klokka 21.53 fekk den svenske flyredningssentralen den første meldinga om at ein luftballong hadde krasja.

Deretter kom naudmeldingane slag i slag.

Til saman naudlanda elleve luftballongar, melder Aftonbladet.

Den mest alvorlege ulukka skjedde på Kärrtorps idrettsplass, der to ballongar krasjlanda.

- Dei fauk inn i ein bygning og reiv ned ein kraftledning også, seier Lennart Nordén ved Stockholmspolitiet til Expressen.

Reiv ned kraftledningar

Axel Helle var ombord i luftballongen saman med mormora si og kusinene. Han fortel at idrettsplassen såg perfekt ut - frå lufta:

- Men når ballongen var på bakken fekk han ikkje stansa den. Vi blei slept i høg hastighet over ein veg, ein parkeringsplass og sleit ned fleire gjerder og to lyktestolper innan vi etter hundre meter satt fast i eit tre, fortel han til Aftonbladet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Minst seks personar er ført til sjukehuset med lettare skader.

Ytterlegare ein person frå eit ballongkrasj utanfor Dalarö måtte oppsøkje lege.

- Ballongen landa inni skogen med 30 passasjerar ombord, seier Annika Vestergård ved den svenske flyredningssentralen.

Champagne

Karl Gustav Silverstolpe ved selskapet Ballongflygning AB navigerte ein av dei ballongane som klarte seg best. Han landa ved Tullinge flyplass.

- Heile versystemet endra seg. Vindane er lunfeulle og dette her skjer i snitt ein gong kvar sommar, seier han til Expressen.

Trass i dei dramatiske omstendigheitane var passasjerane ved godt mot i går kveld.

- Vi står her og feirar med champagne og alle har det bra, seier Karl Gustav Silverstolpe.