Latin på timeplanen

Latin på timeplanen
Latin på timeplanen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til hausten kan du lære latin ved Sandnes videregående skole. «Per aspera ad astra!»

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Renessanse:

Til hausten vil Sandnes videregående skole tilby latin på timeplanen. (Illustrasjonsfoto: Judith Sørhus Litlehamar)

Sandnes videregående skole har fått ekstra støtte på 140.000 kroner frå Rogaland fylkeskommune for å opprette klasse i latin. Til no er ni elevar påmelde til kurset.

- Dei skal få grunnopplæring i det latinske språket. Det er viktig med tanke på at det er eit sentralt kulturspråk, og både fransk, spansk, italiensk og portugisisk bygger på latin. Elevane vil sjå når dei lærer latin at dei faktisk forstår mykje meir enn dei trur på førehand, seier lærar Astrid Falck Olsen til NRK Rogaland.

Renessanse for latinen

Latin er eit indoeuropeisk språk og var opphavleg dialekten i det antikke Latium og seinare dominerande i den vestlege delen av Romerriket. Det latinske alfabetet er framleis verdas mest brukte alfabet, og til trass for at latin i dag på mange vis er eit utdøydd språk, har det hatt enorm påverknad på mange levande språk. No skal altså latinen få sin renessanse, som fag ved Sandnes videregående skole.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Per aspera ad astra – Latin skal bli kult, seier Olsen og håpar faget vil etablerer seg blant elevane.

ABC Nyheter har tidlegare skrive om kinesisk i den norske skulen, også dette eit sjeldan språkfag på timeplanen.

«Gift» på teateret

Latin har tradisjonelt sett vore ein viktig del av den klassiske utdanninga – og på mange vis vore ei myte – både historisk og litterært. Lille Marius i Alexander Kielland si danningsroman «Gift» måtte bøte med livet etter det ublide møtet med latinundervisninga.

No vert det teaterframsyning av romanen og urpremiere på Rogaland Teater til hausten. På teateret si eiga heimeside vert stykket omtala som ein ny og skarpare Kielland.

Det er Tore Renberg som har regien på teaterstykket som tek eit oppgjer med den autoritære puggeskulen – i denne oppsetninga er handlinga flytta til mellomkrigsåra.

Kjelder: Wikipedia, Rogaland teater

Framsidefoto: Mauro Simonato/sxc.hu