Fly krasjlanda midt oppi badegjestene
Eit småfly mista kontrollen og styrta på stranda i Florida.
Artikkelen fortsetter under annonsen
Med nasen i sanda
Flyet bora nasen godt nedi sanda då det styrta på den populære stranda Jacksonville, Florida. Heldigvis kom ingen menneske til skade i ulukka. (Foto: Scanpix)
Bikinikledde soltilbedarar sprang frå solstolane og badelakena i panikk då flyet landa med nasen i sanda laurdag ettermiddag, melder AP.
Eit einmotors fly var på veg til flyplassen i Jacksonville, Florida, då piloten oppdaga at flyet byrja å miste motorkrafta. Piloten rakk ikkje å fly inn til flyplassen og såg seg nøydd til å naudlande, midt på den populære stranda Jacksonville Beach.
Ingen skadde
Piloten klarte heldigvis å manøvrere flyet bort frå dei mest folketette delane av stranda innan det styrta. Flyet blei ståande fast med nasen godt nedbora i sanda medan sjokkerte badegjester sprang vekk i panikk.
Piloten og hans einaste passasjer kom seg ut av flyet, uskadde begge to.
Flyet fekk mindre skader på nasehjulet og propellen.