Seks skotne i USA

Seks skotne i USA
Seks skotne i USA
Artikkelen fortsetter under annonsen

Seks personar er skotne og drepne og eit lite barn er hardt skadd i Wisconsin i USA.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Skytedrama
Ein politibetjent står utanfor huset der seks personer blei drepne og ein baby hardt skadd laurdag kveld.(Foto: Scanpix/AP)

Etter eit skotdrama i eit privat bustadhus blei det funnen seks drepne personar.

Ei to år gammal jente blei funnen av politiet i ein bil utanfor huset med skotskader i brystet, melder amerikansk politi til AP søndag.

Kritisk skadd toåring

Politiet blei varsla om skytinga laurdag kveld og fann då dei omkomne i huset.

Toåringen skal vere kritisk skadd og blei laurdag kveld frakta til eit sjukehus i Rockford. Deretter blei barnet frakta med helikopter til Wisconsin Universitetssjukehus.

Ofra skal ikkje vere i slekt og politiet arbeider med å bestemme forholdet dei imellom, melder FoxNews. Alderen på dei omkomne er foreløpig ukjend.

Området blei evakuert etter skotdramaet, men bebuarane har no fått lov til å returnere til heimane sine.

Roleg nabolag

Huset der skytinga skjedde er ein utleigebustad der folk ofte flyttar inn og ut, seier nabo Pete Brancheau (59) til AP. Han fortel at han høyrde seks skot laurdag kveld, men at han ikkje tenkte noko på det då barn i nabolaget brukar å leike med kinaputtar. Eit minutt seinare skal han ha høyrd tre skot til.

Tragedien skjedde i byen Delavan, omkring 70 kilometer sørvest for Milwaukee. Det skal vere ein liten og roleg feriestad med om lag 8.000 innbyggjarar.

Gjerningsmannen skal ikkje vere kjend.