«The World Naked Bike Ride»

Tusenvis deltok i nakensykling

Tusenvis deltok i nakensykling
Tusenvis deltok i nakensykling

Med strategisk plasserte hjelmar og slagord skrivne på naken hud, kasta folk kleda og tok sykkelen fatt laurdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Smilande syklistar
Syklistane smiler medan dei sykler gjennom sentrum under Verdas Nakne Sykkelløp i Macnhester laurdag. Målet til dei nakne syklistane er å protestere mot biltrafikken og verdas oljeavhengigheit i byar rundt om i verda. (Foto: Scanpix/Reuters)

I dei engelske søsterbyane Brighton og Hove på søraustkysten av England deltok meir enn 200 syklistar - alle avkledde i større eller mindre grad - i «Verdas Nakne Sykkelritt», «The World Naked Bike Ride».

Det noko uvanlege sykkelløpet er meint som ein aksjon mot biltrafikk og oljeavhengigheit, og er eit forsøk på å fremje sykkelen som miljøvennleg framkomstmiddel, melder AP.

-Det er på tide at motoristar kastar av seg det armerte panseret og forflyttar seg meir varsamt rundt på denne jorda, sa Duncan Blinkhorn (45), ein av tilretteleggjarane bak aksjonen.

Alvorleg meint

Syklistane hadde møte med det lokale politiet før det 11 kilometer lange nakenrittet, for å få råd om korleis dei kunne unngå problem og formelle klager grunn av nakenheita.

- Dette er ein morosam, om enn skandaløs, måte å markere eit seriøst faktum, nemleg at vi ikkje skal tolerere at vegar, byar og planeten er dominert av bestialske bilar som konstant forureinar lufta vi alle pustar inn, øydelegg liva våre og miljøet, seier Blinkhorn.

- Syklar og kroppar skadar ingen. Bilar forureinar og ulukker drep tusenvis av tenåringar kvart år berre i Storbritannia, og driv oss alle ut i eit klimakaos.

Verdas Nakne Sykkelløp blei arrangert i byar over heile verda laurdag, blant anna Mexico City, Praha, Ottawa, Manchester, London, Madrid og Washington DC.

Klikk på bilda for større versjon.

Nakne syklistar langs Piccadilly i London. (Foto: Scanpix/Reuters)Nakne syklistar langs Piccadilly i London. (Foto: Scanpix/Reuters)


Manchester. (Foto: Scanpix/Reuters)Manchester. (Foto: Scanpix/Reuters)


Manchester. Foto: Scanpix/ReutersManchester. Foto: Scanpix/Reuters


London. Foto: Scanpix/ReutersLondon. Foto: Scanpix/Reuters


Personvernpolicy