- Prins Harry vil ut av den britiske hæren
Prins Harry ønskjer å slutte i den britiske hæren etter å ha blitt nekta å tenestegjere i Irak, melder britiske Daily Mail.
- Han har definitivt endra meining om at hæren skal bli hans fulltidskarriere og vil slutte tidlegare enn det som opprinneleg var meininga, seier ei kjelde som står prinsen nær.
22 år gamle prins Harry, som for tida er på trening i Canada saman med den britiske hæren, skal ha sagt til vennane at han ikkje klarte å leve med audmjukinga ved ikkje å få kjempe i frontlinja.
-Harry ville tene i hæren sidan han var ein liten og han tok det tungt då han blei nekta å reise til Irak. Den stakkars guten er ute av seg og deprimert. Han følgjer nøye med på kva som skjer med kameratane hans i Gulfen, uttalar ein venn.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenI staden håpar prinsen at han kan følgje i fotspora til faren og bestemora og arbeide med kongelege plikter.
Vil oppfylle moras ønskje
Blant anna vil han reise til Afrika for å drive velgjerdsarbeid som er starta til minne om prinsesse Diana, som hjelper foreldrelause Aids-barn i det svært fattige kongedømet Lesotho.
Harry ha ei liste som mor hans ein gong skal ha laga, over ting ho ville gjerne ville hjelpe til med å endre i verda, og han vil krysse dei alle av.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsen- Han er ein utadvendt gut som elsker å ta ein øl, ein sigarett og ei natt på byen, men han kan vere utruleg sensitiv også, og er lidenskapeleg oppteken av arbeidet sitt i Afrika, sjølv om han ikkje alltid er like flink til å få det fram, seier vennen.
Det er heller ikkje umogleg at kjærasten hans Chelsy vil delta i arbeidet. Harry skal ha prøvd å påverke alle rundt seg til å hjelpe dei som treng det.
I eit tidlegare intervju, gjennomført i høve 21 årsdagen hans, skal prinsen ha åtvara om at han ikkje ville nøle med å forlate hæren om han ikkje fekk tenestegjere ved fronten.
Ei kjelde ved kongehuset seier at det er opp til prins Harry kor lenge han vil bli i hæren og at ingen vil leggje presse på han i avgjersla.