Stressa sjukepleiarar seier nei takk til sex

Stressa sjukepleiarar seier nei takk til sex
Stressa sjukepleiarar seier nei takk til sex
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjukepleiarar er så slitne etter jobb, at dei ikkje orkar å ha sex.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Slitne sjukepleiarar
Ein stressa kvardag gjer at sjukepleiarar ikkje orkar å ha sex. Mange skal også slite med psykiske problem. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Ifølgje ei britisk undersøking har ikkje sjukepleiarane mykje overskot når dei kjem heim etter ein lang arbeidsdag.

Nesten halvparten av Storbritannias sjukepleiarar synest at arbeidet er så stressande, at det påverkar sexlivet deira negativt, melder Politiken.dk.

Det er det britiske fagbladet Nursing Times som har undersøkt arbeidstilhøva til meir enn 2000 sjukepleiarar.

Psykiske problem

Undersøkinga viser også at heile 70 prosent av sjukepleiarane slit med psykiske problem grunna stressnivået.

Meir enn kvar fjerde sjukepleiar hevdar dessutan at dei drikk meir alkohol enn normalt.

No oppmodar verdas største faglege organisasjon for sjukepleiarar, Royal College og Nursing (RCN) - som har meir enn 300.000 medlemmar, arbeidsgivarar til å ta problema til sjukepleiarane på alvor.

«Stress er eit seriøst emne for sjukepleiarar, som dagleg kjempar mot vald og overfall frå pasientar og pårørande, så det er ikkje overraskande at stressnivået påverkar livet og parforholdet deira», seier Peter Carter, lege ved RCN.