Nordmann bøtelagt:Ville selje miljøfarleg kjøleskap i Nigeria

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein mann frå Oslo blei ferska med to brukte kjøleskap i lasterommet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
KFK-gass:

Blei tidlegare brukt som kjølemiddel i kjøleskap, frysarar og liknande. Den blei også brukt som drivgass i sprayboksar.

Gassen er no forboden i vanlege produkt fordi den kan øydeleggje ozonlaget.

Les meir om KFK på Miljøstatus i Noreg.

Kjelde: gronnhverdag.no

No har mannen blitt bøtelagt av Økokrim.

Det er ulovleg å eksportere kvitevarer som inneheld ozon-øydeleggjande gassar. (Illustrasjonsfoto: Flickr.com/photos/gareandkitty/)Det er ulovleg å eksportere kvitevarer som inneheld ozon-øydeleggjande gassar. (Illustrasjonsfoto: Flickr.com/photos/gareandkitty/)

Det var i oktober 2005 at tysk politi gjennomførte ein avfallskontroll på hamna i Hamburg.

I ein norskregistrert Mitsubishi varebil oppdaga dei to brukte kjøleskap i lasterommet.

Farlege klimagassar

Kjøleskapa hadde kjølemediet R12, som blant anna inneheld ozonnedbrytande KFK-gassar. Det er ulovleg å eksportere produkt og utstyr som inneheld slike miljøgifter.

Personen som eig varebilen er busatt i Oslo og var på veg til Lagos i Nigeria med dei to gamle kjøleskapa.

Statsadvokaten i Hamburg oppmoda Noreg til å ta over straffeforfølginga, og Økokrim tok over etterforskinga av saka.

Alvorleg

- Det viser kor alvorleg dei tar på dette nedover i Europa, seier leiar av Økokrims Miljøteam, førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frakt av utrangerte kvitevarer, brukte bildekk og andre brukte og øydelagde gjenstandar til Afrika, Asia og Midt-Austen er eit aukande problem, ifølgje Høviskeland:

- Det kan vere kommersielle ønske om selje desse brukte varene og tene pengar på dei, som ligg bak. Men vi kan ikkje eksportere søppelet vårt ned til Afrika.

No har nordmannen mottatt ei bot på 7000 kroner for lovbrotet. Boten skal ha vore såpass låg fordi den dømde hadde låg inntekt.

Høviskeland understreker at miljøkriminalitet er eit område som Økokrim vil følgje med på framover.