Tre av fire nordmenn godtar meir overvaking:- Nordmenn er naive

- Nordmenn er naive
- Nordmenn er naive
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn svært positive til meir overvaking, om dette gjer kvardagen tryggare. - Naivt, meiner Georg Apenes i Datatilsynet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Scanpix

Tre av fire nordmenn er villige til å godta meir overvaking enn vi har i dag. Det går fram av ei spørjeundersøking gjennomført av Norstat på oppdrag frå Teknologirådet.

- Naivt

Direktør i Datatilsynet, Georg Apenes, er ikkje overraska over resultatet i undersøkinga som viser at tre av fire nordmenn er positive til meir overvaking. (Foto: Scanpix)Direktør i Datatilsynet, Georg Apenes, er ikkje overraska over resultatet i undersøkinga som viser at tre av fire nordmenn er positive til meir overvaking. (Foto: Scanpix)

Direktør i Datatilsynet,

Georg Apenes, er ikkje overraska over tala.

- Nordmenn har eit naivt forhold til det å bli overvaka, seier han til ABC Nyheter.

- Det interessante ved denne undersøkinga er at jo meir konkrete og nærgåande spørsmåla blir, jo meir skeptiske er dei spurte.

For nordmenn likar ikkje tanken på å bli overvaka dersom dei ikkje har gjort noko kriminelt.

57 prosent av dei spurte er heilt eller delvis einige i at det er ubehageleg å bli overvaka dersom det ikkje finst mistanke om kriminalitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre 25 prosent synest overvaking er greitt sjølv om det også rammar uskyldige.

- Undersøkinga viser at dersom overvaking garanterer tryggleik, er nordmenn villige til å oppgi privatlivet. Men om ein ser på kriminalstatistikken frå dei siste åra, så viser jo den tydeleg at lovbrytarane ikkje lèt seg skremme av auka overvaking, hevdar Apenes.

Kvinner og eldre mest positive

Undersøkinga viser også at kvinner er noko meir positive enn menn (81 prosent mot 70 prosent), og dei over 50 er aller mest opne for meir overvaking (80 prosent).

Det trur Apenes heng saman med at kvinner kjenner større behov for tryggleik enn menn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Gjennomgåande så er det framleis slik at kvinner har ei tryggleiksskapande rolle i samfunnet, og tar vare på medmenneske, eldre og barn. Så det er ikkje umogleg at ei kvinne vil ha reflektert meir over kva som skal til for å gjere ho trygg, enn ein ung mann. Også eldre har større behov for trygge tilhøve og stiller seg difor meir positive til overvaking i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Trur du det er ei generell haldning blant nordmenn, å tenkje at overvaking er problemfritt så lenge ein held seg på den rette sida av lova?

- Ja, vi lever i eit Kardommeland, og nordmenn har stor tillit til at slike data ikkje vil bli misbrukt av styresmaktene. Hadde vi fått høyre om misbruk, så ville nok denne haldninga å endra seg, meiner Apenes.

Avgrensa kunnskap

Også tidlegare stortingsrepresentant Kjellbjørg Lunde, som no er leiar av den nye personvernkommisjonen, meiner undersøkinga stadfestar at befolkninga har stor tillit til styresmaktene. Befolkninga i andre land viser større skepsis, og med god grunn, hevdar ho.

- Spørsmålet er kor god kunnskapen folk flest har om konsekvensane av auka overvaking. Vanlege folk har begrensa moglegheit til å følgje med på den teknologiske utviklinga, seier ho til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommisjonen Lunde leiar, skal reise debatt kring nettopp desse spørsmåla. Innan 8. desember neste år skal kommisjonen leggje fram ein rapport med konkrete forslag til forbetring av personvernet.

- Politikarane må klare å matche den nye, forbetra teknologien med regelverk, seier Lunde.

- Til dømes kan vi risikere at data registrert for eitt spesielt føremål, kan bli brukt til eit anna. Dette er samanhenger som folk flest ikkje er klar over. Vi risikerer også at det vi hittil har sett som eit demokratisk gode, nemleg retten til anonymitet og privatliv, kan forsvinne, seier Lunde.

Relaterte saker:

Overvåkingssamfunnet