Nye sjokkbilder frå Kina:

Hundar mishandla til døde

Hundar mishandla til døde
Hundar mishandla til døde

I Kina er det framleis vanleg å pine hundar før slakt. Det skal auke kvaliteten på hundekjøttet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dyreplageri
Ein hund blir halden i nakken ved hjelp av ein jernbøyle, like før han blir slakta på dyremarknaden i Lijang. (Foto: Scanpix/ EPA/ Diego Azubel)

Ein mann drar ein hund bort for å bli slakta på ein dyremarknad i Lijang, Kina. (Foto: Scanpix/EPA/Diego Azubel)Ein mann drar ein hund bort for å bli slakta på ein dyremarknad i Lijang, Kina. (Foto: Scanpix/EPA/Diego Azubel)

Fleire stader i Asia blir hundekjøtt framleis rekna som ein delikatesse, og skal særleg vere populært gjennom dei kalde vintermånadene. For at kjøttet skal bli best mogleg, blir hundane plaga og pina før dei dør. Når hunden blir redd, stig adrenalinnivået, noko som skal gje kjøttet betre smak og velgjerande eigenskaper, heiter det.

Ser og luktar døden

Desse bilda er frå ein marknad i Lijang, søraust i Kina, der tradisjonen i aller høgste grad er levande. Hundane blir plasserte i bur framfor slakteplassen. Der blir dei tvungne til å sjå andre hundar bli slept langs bakken og plaga før dei blir slakta, før det er deira eigen tur. Hundane får både sjå, høyre og lukte korleis deira tidlegare cellekameratar blir slakta.

Hundekjøtt blir på denne marknaden i Yunnan selt for 20 Euro per dyr.

Manglar rettsvern

Dyreplageri er ikkje ulovleg i Kina, og rettsvernet for dyr er tilnærma ikkje-eksisterande.

- Det finst inga lovgiving i det heile tatt. Lokalt finst det visse reglar som kan verne dyra i ei viss utstrekning, seier Birgitta Carlsson frå dyrevernsorganisasjonen Djurens Rätt til svenske Expressen.se.

Den svenske dyrevernsorganisasjonen planlegg ein kampanje retta mot Kina i samband med at dei skal arrangere OL i 2008. Dei vil blant anna setje fokus på Kinas behandling av hundar.

Personvernpolicy