Libby fekk to og eit halvt år i fengsel

Libby fekk to og eit halvt år i fengsel
Libby fekk to og eit halvt år i fengsel

Den tidlegare amerikanske topptenestemannen Lewis «Scooter» Libby er dømt til to og eit halvt år i fengsel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dømt til fengsel
Lewis «Scooter» Libby arbeidet tidligere som visepresident Dick Cheneys stabssjef. Nå er han dømt for å ha løyet for retten og for å ha hindret etterforskningen av hvem som lekket identiteten til CIA-agenten Valerie Plame i 2003. Foto: Scanpix/REUTERS/Jonathan Ernst

Den tidlegare stabssjefen til visepresident Dick Ceney Lewis «Scooter» Libby blei dømt til 30 månaders fengsel for å ha avgjeve falsk forklaring i retten og for å ha hindra etterforskinga til CIA.

Etterforskarane prøvde å finne ut kven som hadde lekka identiteten til CIA-agenten Valerie Plame i 2003. Det skal ha skjedd etter at mannen hennar, tidlegare ambassadør Joseph C. Wilson, anklaga Bush-administrasjonen for å ha manipulert etterretningmateriale for å legitimere krigen i Irak.

Ingen er tiltalt for å ha lekka identiteten til Plame, men både Cheney og Bush sin støttespelar Karl Rove er mistenkt for innblanding i saka.

Etter at Libby 6. mars blei kjend skuldig på fire av dei fem punkta i tiltalen er han no dømt til to og eit halvt års fengsel. Han må også betale ei bot på 250.000 amerikanske dollar og får to års prøvetid, ifølgje Reuters.

Les meir:

Libby skyldig i løgn og bedrag om CIA-lekkasje

(Kjelde: Reuters/NTB)

ABC Nyheter kjem tilbake med meir.

Personvernpolicy