Naboar saman om å sperre innkjørsler

I protest mot den dårlege vegen sperrar bebuarane sine private innkjørsler.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Naboane i Hetlevik i Bergen starta aksjonen i går, og den heldt fram tirsdag ettermiddag.

- For at to bilar skal kome forbi kvarandre må dei køyre om våre private innkjørsler. Dei fjernar og øydelegg vegdekket som vi sjølv har lagt og no er det nok, seier ein av aksjonistane, Hans Skjønhaug, til BA.no.

I ettermiddag satt han for andre dag utanfor huset sitt og sperra innkjørsla si for bilistane.

Køen blir lang etter kvart som bussane kjem. Ifølgje Skjønhaug er dei verste køane mellom 1600-1800 meter. Då går det fort ein halvtime ekstra på strekninga.

- Det er 1500 meter med veg her og den er i elendig forfatning, seier Skjønhaug.

Naboane skal ha kontakta kommunen og vegkontoret, men ingen kan gjere noko med vegen sidan den er fylkeskommunal.

- Vi held fram med aksjonen vår så lenge vi må. Alle her ute er einige om dette og det er ingen sure miner blant dei som må stå i kø, seier Skjønhaug til Bergensavisa.

Illustrasjonfoto forside: Flickr.com.

Personvernpolicy