11 drepne i togkrasj

11 skal vere drepne etter at eit passasjertog kolliderte med ein lastebil på ein planovergang i Australia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Toget var på veg mot Melbourne då det krasja med ein stor lastebilen på ein planovergang. I tillegg til dei drepne skal minst 24 vere skadd i kollisjonen, fem alvorleg, melder AFP.

Vitner fortel at lastebilen i høg fart small inn i toget, som bestod av tre vogner samt lokomotivet, og laga eit «stort gapande hol» på sida av eine vogna og fekk nesten dei andre vognene til å spore av.

- Ein kan lure på korleis nokon i det heile klarte å kome ut, sa overlevande Sue Fyffe til Sky News. - Folk satt i sete med glasbitar over seg. Alt vi kunne høyre var folk som skreik, grein og jamra seg.

Fyffe fortel at ho brukte førstehjelp for å hjelpe nokre av dei skadde.

- Det kjendes ut som om heile toget skulle spore av. Det var frykteleg. Det var gamle kvinner som satt der, med kuttskader, og nokre av dei hadde brotne bein. Eg satt og prøvde å roe dei og snakka med dei.

Talet på omkomne kan stige

Ein talsmann frå politiet sa at talet på omkomne kan stige etter kvart som hjelpemannskapet undersøker vraket under flomlys, for å finne sakna passasjerar.

Føraren av lastebilen var blant dei skadde.

Ulukka skjedde 10 kilometer nord for byen Kerang i staten Victoria, i den søraustlege delen av Australia.

Australias statsminister John Howard karakteriserte ulukka som «hjarteskjærande» og tilbaud statleg hjelp for å undersøke årsaka.

Personvernpolicy