Fotballjentene kjempar om 38 VM-millionar

Fotballjentene kjempar om 38 VM-millionar
Fotballjentene kjempar om 38 VM-millionar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Årets fotball-VM for kvinner i Kina er første gongen deltakarane tenar pengar på gode resultat.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Speler ikkje lenger for småpengar
Endeleg kan fotballdamene tene pengar om dei gjer det godt under internasjonale meisterskap. Her frå Fotball-EM for kvinner, då Noreg slo Italia 5-3. F.v.: Dagny Mellgren, målscorar Solveig Gulbrandsen, Ane Stangeland og Marit Fiane Christensen. Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Under fotball-VM for menn i Tyskland 2006 blei det delt ut til saman 1,6 milliardar norske kroner i prispengar, fordelt mellom dei laga som gjorde det best. I tillegg fekk alle laga som kvalifiserte seg til VM utbetalt 4,9 millionar kroner kvar.

Det har blitt arrangert fotball-VM for damer sidan 1991. Men det er først under dette VM at fotballdamene har høve til å tene pengar på dei gode resultata.

Prispengar 38 millionar

Prispengane under årets fotball-VM i Kina er på 38 millionar norske kroner (6,4 millionar dollar).

- Det er første gongen det blir delt ut prispengar til kvinnene under eit VM, fortel generalsekretær Karen Espelund i Noregs Fotballforbund til ABC Nyheter.

- Det er eit godt og riktig signal at det blir utvikla kommersielle verdiar på kvinnesida og at deltakarlanda får noko igjen for førebuinga til VM, meiner ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vinnaren får 6,75 millioner kroner (1 million dollar), nummer to 4,9 millionar (800.000 dollar), nummer tre får fire millionar (650.000 dollar), nummer fire 3,4 millionar (550.000 dollar), kvartfinalistane 2,2 millionar kvar (350.000 dollar) og øvrige lag 1,2 millionar (200.000 dollar).

Forhandlar om bonusar

Fotballdamene får også for første gong eigne bonusar frå NFF:

- Vi forhandlar ferdige bonusavtalar med Fotballforbundet i denne augneblink, fortel Espelund. - Dei norske kvinnene fekk også utbetalt eit beløp for å kvalifisere seg til VM.

Men framleis er det eit godt stykke igjen til det mennene tener. Noregs fotballgutar får til samanlikning heile 15,5 millionar for å kvalifisere seg til EM. Før VM-sluttspelet i 2006 hadde landslagsspelarane ei bonusordning som ga opp mot 6,5 millioner på deling dersom Noreg hadde kome med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Den kommersielle styrken er ikkje på same nivå på kvinnesida som på herresida. Dei genererer meir i reklameinntekter, TV-rettar og så vidare. Men vilkåra går i positiv retning også for kvinnene, seier generalsekretæren.

Fekk sex-kritikk
Tidlegare har Uefa-president Lennart Johansson fått hard kritikk etter at han meinte fotballjentene kunne generere meir sponsorpengar ved å spele på kropp og sex. Også Fifa-president Sepp Blatter fekk gjennomgå då han foreslo tettsittande shorts for fotballjenter, lik dei som blir brukt i volleyball.

Kvinnefotballen er i dag på veg opp i fleire land utan bruk av slike verkemiddel. Særleg i folkerike nasjonar som USA, Kina, Brasil, og i europeiske land som Italia, England, Sverige, Danmark og Tyskland.

Noreg er derimot i ferd med å hamne noko bakpå. Etter OL-gull i Sydney i 2000 og bronsemedalje i EM 2001 har dei gode resultata latt vente på seg.