Milliongevinst var feilmelding

Milliongevinst var feilmelding
Milliongevinst var feilmelding
Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag fekk mellom fem og ti personar beskjed om at dei var joker-millionærar. Men det varte berre eit døgn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Scanpix

Sølve Merkesdal (39) frå Frekhaug utanfor Bergen trudde han var lukkeleg Joker-millionær. På nettsidene hans på Norsk Tipping stod det onsdag at han hadde vunne førstepremien på 2.780.000 kroner.

- Eg var i fyr og flamme og fortalde det til heile familien, fortel han til Bergens Tidende.

Men då han gjekk til lokalbutikken for å stadfeste premien, kunne dei ikkje sjå anna gevinst enn ein bursdagsjokerpremie på 1860 kroner. Dei ringde Norsk Tipping på Hamar, som ikkje kunne avkrefte at Merkesdal hadde vunne. Men då han sjekka nettsida si eit par timar seinare, var premiesummen forsvunne. Han ringde Norsk Tipping og fekk beskjed om at det heile hadde vore «ein glipp». Den riktige vinnaren var ein 36 år gammal mann frå Oslo.

Vil ha kompensasjon

Mellom fem og ti andre blei også lurt til å tru dei hadde blitt millionærar. Onsdag var første gong Norsk Tipping hadde bursdagsjokertrekning, der alle jokerspelarar som fyller år på datoen som blir trukken ut, delar ein million kroner. Det var denne premien Sølve Merkesdal, saman med 537 andre, vann onsdag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Roal Jødahl, pressetalsmann i Norsk Tipping, lovar Merkesdal kompensasjon, men ikkje 2,7 millionar.

- Dei burde ha tatt ansvar og rett og slett betalt ut premien. Dei kan ikkje la folk leve som lottomillionær i ett døger og så ta vekk millionane. Eg kunne fått meg ein psykisk knekk, seier Merkesdal.

Han hadde alt planlagd familieauke, kjøp av ny bil og husbygging for premiepengane som forsvann.