Her er 25 bøker du burde ha lese

Her er 25 bøker du burde ha lese
Her er 25 bøker du burde ha lese
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den norske litterære kanon blei i dag presentert på litteraturfestivalen i Lillehammer. Her er lista.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Dag Solstad

er med på lista med boka «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelse som har hjemsøkt vårt land».

Ordet kanonkjem av gresk og tyder ei rettesnor eller ein målestokk.

Ein litterær kanon er eit uval bøker som innanfor ein bestemt kulturkrets blir vurdert som dei viktigaste, mest sentrale verka.

Det som overraska mest med verka som juryen hadde vald ut, var diktsamlinga Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid, som kom ut i 2004. Andre uventa verk var Fridtjof Nansens reiseskildring «På ski over Grønland».

LES OGSÅ: Juryen krangla mykje

Her er lista, slik den blei publisert i dag, med juryens grunngjevingar:

1. Voluspå

Norrønt dikt. Nedskriven på Island. Lærd, tankesterk tekst, som utfordrar både religionforskarar og poetar. Apokalypseskildringar som er skremmande i sin aktualitet. Diktet har satt preg på moderne fantasy og populærkultur.

2. Snorre Sturlason: Kongesagaene

Noregs kongehistorie. Dramatiske enkeltforteljingar og historieskildring. Kjende historier om korleis Olav den Heilage kristna Noreg, norrøn versjon av Oidipus-myten. Felleslitteratur med Island, men litteraturen blir ikkje mindre av delt nasjonalitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

3. Petter Dass: Nordlands Trompet

Nordlands horisont, Helgeland, Lofoten, Senja,som eit utstillingskabinett. Men ingen museal framstilling. Framstiller verda som levande og dynamisk, det lokale blir innlemma i eit europeisk fellesskap.

4. Ludvig Holberg: Erasmus Montanus

Holberg portretterer nådelaust sjelelege skavankar, særleg hos embetsmenn og vitskapsmenn. Han utleverer akademikaren, men den ignorante bonden er ikkje betre. Erasmus akademiske snobberi er utåleleg, det same er bøndenes dumskap. Handlar om opplysningsprosjektet sin fiasko og tragedie. Satiren er tradisjonell og radikal på same tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

5. Henrik Wergeland: Jødinden

Noregs mest produktive lyrikar, trass i at han berre fekk halde på i 37 år. Forfattarskapen hans sprikar i alle retningar. Wergeland var både estetisk og politisk opprørsk, i motsetnad til Welhaven.

Artikkelen fortsetter under annonsen

6. Asbjørnsen og Moe: Norske Folkeeventyr (1852)

Eit verk med språkhistorisk, litteraturhistorisk og kulturhistorisk betydning. Tru mot munnleg forteljartradisjon.

7. Camilla Collett: Amtmandens døtre

Noregs første kvinnesaksroman. Handlinga føregår i det norske embetsmannsmiljøet.

8. Aasmund Olavsson Vinje: Ferdaminni fraa sumaren 1860

Ambisiøst nynorsk verk. Essayistisk og journalistisk førebilete den dag i dag. Språkelg, kulturell og nasjonal fridom. Kjend dikt frå samlinga: "Ved Rondane".

9. Henrik Ibsen: Peer Gynt

Ibsen henta inspirasjon frå Shakespeare, Bibelen, Moliere med fleire. Peer er den romantiske helten, den karakterlause egoisten, karakterisert som typisk norsk. Sjølv ville han sjå seg som verdsborgar. Vi er alle i slekt med Peer Gynt.

10. Fridtjof Nansen: På ski over Grønland

Ein av våre heilt store reiseskildringar som innleiar norsk polarhistorie. Konglomerat av ei bok. Forut for si tid i skildringa av inuittane. Usedvanleg fordomsfri.

Artikkelen fortsetter under annonsen

11. Arne Garborg: Fred

Forteljinga om Enok Hove byrjar grått og endar tragisk. Svart, beisk humor, meir parodiske enn tragiske trekk. Bitande religionskritikk og moderne sjeleportrett. Eit av norsk romankunst mest biletsterke verk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

12. Knut Hamsun: Mysterier

Ein av våre første modernistiske romanar. Hovudpersonen Nagel er ein av våre mest minneverdige romanfigurar. Hamsun forklarar ikkje, han fortel. Med ei makelaus forteljarstemme.

13. Sigbjørn Obstfelder: Digte

Sentral i norsk og skandinavisk litteraturhistorie. Modernistisk diktsamling. Skriv om byen, framandkjensle, det kosmiske. Musikalitet er ofte sjølve komposisjonsprinsippet i desse dikta. Det lydlege er viktig, eit poetisk grep som framleis er gyldige og i dag blir tatt for gitt.

14. Sigrid Undset: Kransen

Historisk roman. Første del av trilogien om Kristin Lavransdatter og hennar liv i åra 1306-1349.

Artikkelen fortsetter under annonsen

15. Olav Duun: Menneske og maktene

Ein av dei store psykologane i norsk litteratur. Radikal form på denne romanen. Ei bok der sterke krefter står mot kvarandre, det gode mot det vonde. Men Duun viser at det gode ikkje berre godt, det vonde ikkje berre vondt. Noko av det aller ypparste av norsk forteljarkunst.

16. Cora Sandel: Alberte og friheten

Den midterste boka i Sandels Alberte-trilogi. Noregs første kunstnarroman og eit sterkt kvinneportrett. Alberte har reist frå Tromsø til Paris, som ho ikkje tar med storm. Minnar om både Proust og Virginia Woolf.

17. Tarjei Vesaas: Fuglane

Ein stor psykologisk roman. Romanen om Mattis, Tusten. Boka handlar om Mangelen på kontakt mellom menneske.

18. Olav H. Hauge: Dropar i austavind

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den viktigste norske lyrikaren som debuterer etter 2. verdskrigen. Hauge har hatt betydning for alle som les og skriv dikt i Noreg. Det enkle er heilt vesentleg i denne diktsamlinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

19. Gunvor Hofmo: Fra en annen virkelighet.

Hofmos andre diktsamling. Dikta kling med smerte og har eit eksistensielt trykk i seg. Djup omsorg for dei som lid.

20. Rolf Jacobsen: Hemmelig liv

Vår einaste lyriker som er internasjonalt kjend. Få tar temperaturen på det moderne betre enn han. Utforskar teknikken, farta og framskrittet. Dikta er komplekse, samtidig lette å lese.

21. Jan Erik Vold: Mor Godhjertas glade versjon. Ja.

Vold er ein fornyar av norsk poesi. Viser ein imponerande spennvidde i forfattarskapen, frå heimstaddiktning til haiku-dikt og bruk av jazz. Svært form-medviten forfattar. I denne samlinga syng han om byen som heimstad, der trikken er likna med eit blått dyr som aldri blir trøytt.

22. Kjartan Fløgstad: Fyr og flamme

Handlar om industrialismens tid i Noreg. Fløgstad skildrar arbeidarklassas historie med stor kraft og visdom. Fantastiske historier og vanvittige ordspel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

23. Dag Solstad: Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land

Om AKP-generasjonen. Eit høgdepunkt i Solstads forfattarskap. Kjensle av å vere framand i eit land der alt er bygd.

24. Jon Fosse: Nokon kjem til å kome

Intenst drama bygd opp av enkle element. Handlar om han, ho og eit hus. Prosjektet er "du og eg aleine saman". Besvergande og repeterande replikkar blir brukt for å halde denne draumen ved like. Stykket har blitt spelt i ei lang rekkje land, som mange andre av Fosses stykke.

Artikkelen fortsetter under annonsen

25. Øyvind Rimbereid: Solaris korrigert (2004)

Skriv på eit babelsk vestnorsk om sine tankar og draumar i dagleglivet i 2480, om undervassverda Solaris. Skriv eit hybrid mellom norsk, engelsk, tysk, nederlandsk og skotsk. Rimbereid demonstrerer litteraturens nomadiske karakter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den norske litterære kanon:

Ei liste på 25 verk som blei presentert i dag under litteraturfestivalen på Lillehammer. Juryen hadde sitt første møte 18. desember 2006.

Juryen har bestått av:

Liv Bliksrud (professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo), Inger Bråtveit (forfattar), Ane Farsethås (bokmeldar i Dagens Næringsliv), Ragnar Hovland (forfattar), Jan Kjærstad (forfattar), Janike Kampevold Larsen (juryleiar, litteraturvitar), Audun Lindholm (redaktør i Gasspedal og Vagant), Marta Norheim (bokmeldar i NRK), Eirik Vassenden (kritikar, post.dok.stipendiat ved Universitetet i Bergen), Henning Howlid Wærp (professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø).

Er du einig i at desse 25 er dei mest sentrale verka i norsk litteratur? Skriv di liste i kommentarfeltet under.

---
Alle foto: Scanpix