Fem britar kidnappa i Bagdad

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fem britar har blitt kidnappa frå Iraks finansdepartement.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei kidnappa skal vere fire livvaktar og ein finansekspert, melder BBC.

Vitne fortel at kidnapparane omringa departementet med så mange som 40 politikøyretøy og at dei så storma bygninga.

- Kvar er utlendingane, kvar er utlendingane? skal mennene ha ropt, og deretter ført bort britane som hadde skytevåpen retta mot seg.

Det britiske utanriksdepartementet skal ha vore tidleg i kontakt med irakiske styresmakter for å få fram fakta og for å få til ei rask løysing.

Tirsdag ettermiddag satt britiske styresmakter si spesialeining for krisehandtering, Cobra, i møter for å diskutere krisa.

Ekte politi involvert?

BBC sin korrespondent i Bagdad, Paul Wood, hevdar at bruken av politiuniformar og politikjøretøy tydar på at det kan vere fråfalne politistyrkar med i aksjonen.

Sjølv om det tidlegare har vore mogleg for kriminelle og millitære å stele politiuniformar og bilar, tydar omfanget på dagens aksjon at det kan vere ekte politi involvert. Det er ei kjend sak at det irakiske politiet er infiltrert av militsgrupper.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det har tidlegare i dag kome motstridande rapportar om nøyaktig korleis kidnappingsaksjonen føregjekk og kor mange som er sakna.

Blodigaste månaden

Dei sakna livvaktene skal ifølgje britiske media ha vore tilsett i det canadisk-eigde selskapet GardaWorld Security, eitt av dei største tryggleiksbyråa i Irak.

Tirsdag blei også Bagdad råka av ein busseksplosjon der minst 23 menneske blei drepne og 55 skada, og ei bilbombe drap minst 17 menneske og skada 36 og øydela ein shia-moské.

Millitære amerikanske kjelder har også meldt at 10 amerikanske soldatar blei drepne måndag. Det gjer mai til den blodigaste månaden for USA til no i år, med til saman 114 drepne soldatar.

Totalt har 3.465 amerikanske soldatar døydd i Irak sidan invasjonen i mars 2003. Talet omfattar både dei som har falt i kamp og dei som har døydd av andre årsaker.