Åpen for alle - alltid

Ny rekord i søvnløyse?

Ny rekord i søvnløyse?
Ny rekord i søvnløyse?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein engelskmann hevdar å ha tatt ny rekord i søvnløyse. Han skal ha vore vaken i elleve dagar og netter i strekk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

Målet til Tony Wright (42) frå Cornwall i England var å slå Guinness-rekorden på 264 timar, sett av Randy Gardner i USA i 1964. Men sjølv om han heldt seg vaken lenger enn det, vil han ikkje kome i Guinness rekordbok sidan søvnløyse-klassa er trukken tilbake på grunn av helserisikoen.

Wright heldt seg vaken ved ved å drikke te, spele biljard og skrive dagbok.

- Eg føler meg ganske bra, det har vore tøft, men eg klarte det, sa stuptrøytte Wright til BBC.

Forsøket var ein del av Wrights forskingsprosjekt kring kroppens forhold til søvn.

Wright argumenterer for at deler av den menneskelege hjernen krev ulik mengde søvn, og at det er mogleg å halde seg vaken og fungerande i lange periodar.

Han hevdar at «steinalder-diett» som bestod av rå mat, hjalp delar av hjernen hans til å halde seg funksjonell under forsøket.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det gjer det mykje enklare å bytte frå den eine sida av hjernen som er ordentleg trøytt, til den andre, sa han.

- Men begge delar er ganske trøytte akkurat no.

Etter kvart som timane gjekk, merka Wright at han snakka uforståeleg og at alle fargar blei lysare.

Eit webkamera overvaka han 24 timar i døgeret under rekordforsøket. Videoopptaket skal vere beviset på at han faktisk klarte å halde seg vaken i elleve døger.

Kva er det lengste du har klart å halde deg vaken i eitt strekk? Skriv i kommentarfeltet under.