Grillmat kan føre til kreft

Grillmat kan føre til kreft
Grillmat kan føre til kreft
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sommar og grillmat høyrer saman. Men pass på, no er det nemleg slått fast at overdriven grilling kan føre til kreft.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
PAH og HA i grillmat:

PAH og HA i grilla og steikt mat er kreftframkallande og kan skade arvestoffet (DNA).

Konsentrasjonane av desse stoffa i grilla og steikt mat er svært varierande. Grilla mat inneheld meir PAH og HA enn pannesteikt, omnsteikt og kokt mat.

PAH: bli danna ved ufullstendig forbrenning av feitt som drypp ned på varmekjelda under grilliing og kjem inn i maten gjennom røykjen som stig opp. Kan også utvikle seg i matvarer ved røyking og tørking og vere tilstades i mat som følgje av miljøforureining.

Med unntak av dei som grillar ofte, vil andre kostkjelder som korn, bladgrønsaker og konaminert sjømat kunne vore viktigare kjelder enn grillmat.

HA: er stoff som blir danna i kjøt og fisk både ved pannesteiking, grilling, omnssteiking, fritering og røyking. Som for PAH, blir danna HA i kjøt når temperaturen er høg.

Steikt mat som blir eten regelmessig gjennom heile året, er ein større bidragsytar til HA-eksponering enn sesongbetont konsum av grillmat.

(Kjelde: Mattilsynet)

Illustrasjonsfoto: Flickr.com

Det har lenge vore kjend at grilling og steiking kan gi uønska, helseskadelege stoff i maten. No har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) på oppdrag frå Mattilsynet vurdert moglegheita for utvikling av kreft som følgje av høgt inntak av grillmat.

Konklusjonen er klar:

Grilling over open flamme fører til svært høge mengder av det helsefarlege stoffet PAH (polysykliske aromatiske hydrokarboner), som saman med HA (heterosykliske aromatiske aminer) er dei stoffgruppene som gir høgast kreftrisiko.

Aller verst er funnet i pølse grilla på bål.

- Det er ein samanheng mellom inntak av hardt grilla kjøt og utvikling av kreft, seier Helle K. Knutsen, forskar i Vitskapskomiteen for mattryggleik til ABC Nyheter.

- Dei kreftformene ein kan utvikle, er tarmkreft, brystkreft og prostatakreft, dei vanlege kreftformene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men ho understreker at det framleis ikkje er mogleg å seie kor farleg dette er.

- Det trengs meir data, så vi vil ikkje fraråde folk å grille, seier Knutsen.

Grill sjeldnare

- Dei som griller aller mest, bør grille mindre, seier Anders Tharaldsen i Mattilsynet til ABC Nyheter. - Vi har forska ut frå eit tenkt inntak på 30 grillmåltider i løpet av sesongen, og 30 måltider er for mykje. Men datagrunnlaget vår er litt tynt, vi har forsøkt å gjere ei risikovurdering. Kor mykje som faktisk blir danna av dei farlege stoffa, veit vi ikkje.

PHA blir danna når det drypper feitt ned på varmekjelda, og det stig opp ei sky av røyk og damp, HA blir danna i sjølve steikeskorpa på kjøtet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi rådar blant anna folk til å auke avstanden mellom varmekjelda og grillmaten, og steiking ved lågare temperaturar. Ved bruk av eingongsgrill blir maten lagt direkte på varmekjelda. Men vi vil ikkje fraråde grilling, vi har heller vald å gå ut med råd om korleis ein kan redusere danninga av helseskadelege stoff.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stoffa PAH og HA som blir danna under hard grilling og steking kan føre til kreft hos menneske ved å skade arvematerialet.

Slik unngår du kreftfaren:


- Ikkje grill over open flamme

- Grill ved lågare temperatur over lengre tid

- Plasser maten lenger vekk frå grillkullet

- Unngå at feitt frå grillmaten drypp ned i grillen

- Mariner eller forkok maten i mikrobølgjeomn på førehand

- Vend maten fleire gongar under steiking/grilling

Grillvanar i Noreg:

Ifølgje ei undersøking som Opplysningskontoret for kjøt har gjennomført, grilla 26 prosent av nordmennene meir enn 17 gongar, 34 prosent grilla 6-17 gongar og 27 prosent grilla 1-5 gongar i løpet av 2006-sesongen. Det var ikkje opplysningar om kor mange gonger dei deltakarane som hadde grilla meir enn 17 gonger i 2006, hadde grilla totalt.

Les rapporten hos VMK

Les meir hos Mattilsynet