Fem år med Løland

Fem år med Løland
Fem år med Løland

Startsskotet har gått for ei fem år lang markering og jubilering av Noregs første barnebokforfattar, Rasmus Løland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Rasmus Løland

landets første barnebokforfattar, døydde for hundre år sidan. No skal han gi ny næring til den nynorske barne- og ungdomskulturen. Foto: Måleri av Otto Valstad

Fem år med markering av ein for dei fleste heller ukjend forfattar kan kanskje synast noko ekstravagant. Men så er det er ikkje berre forfattaren og mennesket Rasmus Løland som skal markerast, fortel dagleg leiar for markeringa, Marny Skeie Henkel.
- Snarare skal me bruke fem år til å spinne vidare på den arven Løland la att etter seg som den første norske barnebokforfattaren.

Nye bøker

I løpet av dei fem åra som Løland-stiftinga har sett seg føre å markere Rasmus Løland og arbeidet hans, vil først og fremst Suldal og Asker kommunar få Løland på maten i mange samanhengar. Men Løland-stiftinga har tatt mål av seg til å få sett Rasmus Løland inn i eit nasjonalt perspektiv.

Det Norske Teatret skal for andre gong i historia ut av Oslo med ei framsyning. Betre utan ball er eit stykke skrive spesielt til Løland-markeringa og skal visast i Suldal denne veka. (Foto: Det Norske Teatret)Det Norske Teatret skal for andre gong i historia ut av Oslo med ei framsyning. Betre utan ball er eit stykke skrive spesielt til Løland-markeringa og skal visast i Suldal denne veka. (Foto: Det Norske Teatret)

Denne veka kom den nye Løland-biografien ut, samstundes som Samlaget slepte den første nyutgjevinga av barnebøkene hans; Gutar er ei samling av Lølandtekstar som har gjennomgått ei lett språkmodernisering ved forfattar Arnt Birkedal. Også andre nyutgjevingar er i emning.

Nasjonalt senter

Det Norske Teater gjestar for tida Suldal med teaterstykket Betre utan ball, skrive av Glenn Belden. Stykket vann ei nasjonal dramatevling i fjor, og har vore vist i hovudstaden i vinter. Dette er andre gong i historia at Det Norske Teatret reiser ut av hovudstaden med ei førestelling.

Fleire skrivetevlingar og ulike barne- og ungdomsmønstringar står og på tapetet. Men sjølve kongstanken er eit nasjonalt senter for nynorsk barne kultur og –litteratur. Allereie i juni skal fylkestinget i Rogaland diskutere mulegheitene for å opprette eit fond til dette føremålet.

Torsdag denne veka deler Rogaland fylkeskommune for første gong ut Løland-stipendet på 100 000 kroner til ein som skriv for barn og unge. Det er svært sjeldan at eit så stort stipend blir ein skribent med ei så ung målgruppe til del.

Bygger opp Løland-heim

Sjølv om svært mange av arrangementa knytt til markeringa vil skje i Suldal kommune, kor Rasmus Løland vart fødd, skal også Asker kommune og Asker museum vere med og dra sin del av lasset. Rasmus Løland budde på Labråten i Asker, i hagen til Hulda og Arne Garborg, dei siste åra han levde.

Lølandstova (til venstre) på Labråten i Asker skal byggast opp att. Her budde Rasmus Løland dei siste åra han levde. (Foto: Asker museum)Lølandstova (til venstre) på Labråten i Asker skal byggast opp att. Her budde Rasmus Løland dei siste åra han levde. (Foto: Asker museum)

I løpet av året kjem Asker museum til å byggje opp att stova til Rasmus Løland. Stova vart riven ein gong på sekstitalet. No skal Lølandstova bli ein stad for kunstnarar å hospitere, i tillegg til at ho skal ha ein museumsfunksjon.

Meir enn 7 millionar kroner er så langt spytta inn frå offentlege og private pottar for å få avvikla den fem år lange markeringa, fortel Skeie Henkel.

Norskdomsbyggarane

Forfattaren, norskdomsmannen og samfunnsdebattanten Rasmus Løland (1861 – 1907) kom frå bygda Vanvik, eit lite bondesamfunn inst i Hylsfjorden i Ryfylke. Familien og naboane hans hadde fleire aviser som gjekk på omgang, dei las bøker og diskuterte aktuelle og store saker, noko som var heller sjeldan i bondesamfunna på den tida.

Trass i ei nokså beskjeden utdanning kom Rasmus Løland til å bli ein viktig del av det intellektuelle miljøet kring ekteparet Garborg då han flytta til Kristiania og seinare Asker rundt århundreskiftet. Dette miljøet var opptekne av norskdomsbygging og frigjeringa frå Sverige i 1905. Det var og her kimen til Det Norske Teatret blei sådd.

Unik barnekjennar

Rasmus Løland gav ut ei rekkje bøker, og det er spesielt barnebøkene som har gitt Løland den posisjonen han har innan norsk litteratur. Løland skal ha synt ein særskild innsikt i og forståing for barnesinnet. Mellom dei mest kjende bøkene hans er Smaagutar, Det store nashorne og Kvitebjørnen.

Forfattaren var heile livet prega av tvangstankar, angst og hypokondri, og det korte livet hans tok slutt då han fekk tæring i 1907, berre 46 år gammal.

Kjelder: Nashornet.no, Samlaget, Asker museum