Carl I. Hagen støttar Marsdals teoriar

Carl I. Hagen støttar Marsdals teoriar
Carl I. Hagen støttar Marsdals teoriar
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er heilt riktig at Noregs intellektuelle elite er nyttige idiotar for Frp, seier Carl I. Hagen til P4.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Cornelius Poppe / SCANPIX

Forfattar Magnus E. Marsdal har studert og skrive bok om FrP-veljaren. I boka «FrP-koden» som kom ut tidlegare i vår hevdar Marsdal at det er kultureliten sin forakt for «vanlege folk» som er ei viktig årsak til den store oppslutninga til partiet. Kvar gong intellektuelle kjendisar uttalar seg negativt om FrP, får partiet fleire veljarar, meiner han.

- Når ein er nedlatande overfor veljarane til partiet, viser ein folkeforakt, og då blir du FrP sin nyttige idiot, sa Marsdal til VG etter lanseringa av boka.

No får teorien hans støtte av den tidlegare partiformannen:

- Politisk sett er desse menneska vennene mine, seier Carl I. Hagen til P4.

- Det er klart at det er riktig at kvar gong nokon snakkar forakteleg om «grilldressfolket» og folk som reiser på «Harry-handletur» i Sverige, og uttalar seg ovanfrå og ned om vanlege menneske, så går dei jo vårt ærend.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det stadfestar jo alt det vi seier om eliten, som ser ned på folket, formyndarpolitikarane i SV, KrF og Ap som skal bestemme over folk, medan vi meiner at folk skal få bestemme sjølv, seier Hagen.

Han nemner spesielt Stein Lillevolden i Blitz som ein av dei nyttigaste «idiotane» for FrP.

Les meir:

- Nostalgisk irritasjon