Den lille havfruen i muslimsk drakt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Natt til søndag konverterte den lille havfruen til islam.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet veit ikkje kven som kledde Danmarks nasjonalsymbol i skaut og lange gevantar, men no har dei kledd av ho igjen, melder Berlingske Tidende.

Ukjende gjerningsmenn hadde kledd havfrua i ein svart og raud muslimsk drakt og dekka ansiktet hennar til med slør, opplys ordenspolitiets sentrale vaktleiar til nyheitsbyrået Ritzau.

Det var ingen skilt eller anna på havfrua som kunne antyde føremålet med aksjonen.

Det er ikkje første gong kreative stylistar lèt den lille havfruen flørte med islam. I 2004 blei ho kledd i ein burka med skiltet «Tyrkia i EU?»