- Skal det vere litt flaggermus?

- Skal det vere litt flaggermus?
- Skal det vere litt flaggermus?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter møtet med flaggermusa i cornflakesen, vil Kerstin Nilsson aldri ete frukostblanding igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

- Det var som ein klump som kom ut. Eg var nøydd til å skylje av den for å sjå kva det var, fortel svenske Kerstin Nilsson (68) til GT.se.

Det var Nilssons sambuarIngemar Hansson som oppdaga flaggermusa, då han ein kveld skulle ete kveldsmat og tok fram mjølk, tallerken og ein pakke med Kelloggs Cornflakes. Men saman med cornflakesen kom det også ut ein inntørka klump med vinger. Det var ei fire-fem centimeter lang flaggermus.

- Ho var veldig hårete og hadde cornflakes på vengjene, seier Nilsson.

Nilsson ringde til Kelloggs, som sendte ein inspektør for å hente «Batman». Flaggermusa skal ha følgd med pakka frå England.

- Det var veldig utriveleg, for han (Ingemar) hadde ete tre porsjonar allereie.

Nilsson er uroleg for at flaggermusa kan ha bore med seg helsefarleg smitte og forventar kompensasjon frå matvareprodusenten.

Kelloggs tar no prøvar av dyret.