Meny

Det nyttar å «Sei ifrå!»

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

[img_assist|nid=46265|title=|desc=|link=none|align=right|width=80|height=36]Endeleg ein trafikk-kampanje som verkar: «Sei ifrå!»-filosofien har ført til 25 prosent færre drepne og skadde unge i trafik

Kampanjen «Sei ifrå!» har ført til 25 prosent færre drepne og skadde i trafikken på Vestlandet. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Kampanjen «Sei ifrå!» har ført til 25 prosent færre drepne og skadde i trafikken på Vestlandet. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Det er konklusjonen i ein fersk rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

I perioden 2000 til 2005 kan ein med stor sikkerheit slå fast at det har skjedd ein markant reduksjon i talet på hardt skadde og drepne ungdommar i dei to fylka der kampanjen har blitt gjennomført, nemleg Sogn og Fjordane og Hordaland.

Den samfunnsøkonomiske nytteverdien ved ein reduksjon på 25 prosent i talet på hardt skadde og drepen ungdom skal vere i underkant av 400 millionar.

Kampanjen «Sei ifrå» består av ein kombinasjon av informasjon og kontroll. Ungdommen blir oppmoda til å seie frå når farten blir for høg, samstundes som politiet, og spesielt utrykningspolitiet (UP), aukar kontrollaktiviteten.

«Si ifra!» utan effekt

Statens vegvesen i Akershus, Hedmark og Agderfylka har laga sin eigen variant av kampanjen. Der har hovudvekta blitt lagt på informasjon og skulebesøk, med mindre bruk av politikontrollar. Her finn rapporten ingen sikre teikn til nedgang i talet på drepne og hardt skadde etter at kampanjen blei innført.

- Det er ikkje så enkelt at ein berre kan ta ein skuletime og to og så skal problemet vere løyst, seier prosjektleiar for «Sei ifrå!»-kampanjen, Kåre Ljones, til ABC Nyheter.

- Rapporten viser at det er vår kombinasjon av kontroll og informasjon som fungerer. Utgangspunktet vårt var eit noko utradisjonelt syn på ungdommen. Vi valde å støtte, ikkje belære eller mistenkeleggjere. Tidlegare kampanjar som Trygg Trafikks «Ikke tøft å være død», som speler på kjensler kring liv og død, hadde ingen effekt. Vi valde heller å vise ungdommen respekt og tillit. Verstingane er i mindretal, seier han.

Støttar ungdommen

Ved hjelp av ein 45 sekundars informasjonsfilm som har blitt vist på kino og utdeling av 90.000 t-skjorter med «Sei ifrå!»-logo, har ein støtta og oppmuntra dei som faktisk vågar å seie ifrå når nåla på speedometeret kryp oppover.

- Det handlar om å behandle folk som folk og kjeltring som kjeltring, seier Ljones.

- Vi har fantastisk flott ungdom i dag. Skjulte UP-kontrollar lukar ut verstingane, samtundes som vi set inn støttetiltak overfor den positive delen av ungdommen. Både informasjon og kontroll er viktig, ein kan ikkje setje det eine opp mot det andre.

I 2006 starta kampanjen opp også i Rogaland. Dei fem føregåande åra skal det ha vore 30 drepne i trafikken der. Etter første året med «Sei ifrå!» der politiet var aktivt, var det null drepne, ifølgje Ljones.

- I dei tre nordlegaste fylka startar dei opp kampanjen no, og dei følgjer region vest sin filosofi.

ABC Nyheter har ikkje fått klarheit i om kampanjen i Akershus, Hedmark og Agderfylka skal leggjast om etter at den blei slakta i TØIs rapport.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus