- Ikkje nok bevis til å arrestere hovudmistenkt

- Ikkje nok bevis til å arrestere hovudmistenkt
- Ikkje nok bevis til å arrestere hovudmistenkt
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det finst ikkje nok bevis til å arrestere den hovudmistenkte i Madeleien McCann-saka, seier portugisisk politi.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:

Ein politimann held vakt utanfor ein villa på Algarve-kysten sør i Portugal, medan etterforskarar sjekkar om det finst spor etter den bortførte britiske fireåringen Madeleine McCann på eigedommen. Ein brite som var tatt inn til avhøyr i saka, er lauslatt, og det er ikkje blitt gjort nokre arrestasjonar, sa talsmann for portugisisk politi tirsdag. (Foto: Hugo Correia, SCANPIX/REUTERS)

Gerry og Kate McCann på veg ut av strandkomplekset i Portugal der dei bur medan dei ventar på nytt om dottera Madeleine (4). (Foto: REUTERS/Hugo Correia (PORTUGAL) / SCANPIX)Gerry og Kate McCann på veg ut av strandkomplekset i Portugal der dei bur medan dei ventar på nytt om dottera Madeleine (4). (Foto: REUTERS/Hugo Correia (PORTUGAL) / SCANPIX)

Portugisisk politi heldt pressekonferanse klokka 19.00 norsk tid i dag, melder Sky News.

- Det er ikkje nok bevis til å arrestere den hovudmistenkte, seier sjefsinspektør Olegario Sousa i det portugisiske politiet.

Den mistenkte briten skal ha vore involvert i saka heilt sidan Madeleien forsvann. Han blei saman med to andre, ei tysk kvinne og ein portugisisk mann, tatt inn til avhøyr av politiet i går, men alle blei lauslatt i kveld.

Sjølv nektar mannen for at han har noko å gjere med forsvinninga. Han har skildra seg sjølv som halvt-portugisisk, og sa at han hjalp McCann-familien med språket. 32-åringen har også fungert som tolk for politiet og pressa i samband med saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mannen bur i ein villa saman med mor si og ein tre år gamle son berre 100 meter frå feriekomplekset der Madeleine forsvann. Bustaden blei gjennomsøkt av politiet om morgonen i går. Dei skal blant anna ha tømt symjebassenget på eigedommen.

32-åringen er fråskilt og arbeider for ein lokal eigedomsmeklar.

– Han verka litt for ivrig etter å blande seg inn i politietterforskinga. Han påstod at han hadde ei dotter som var svært lik Madeleine, og at han kjende seg nøydd til å gjere alt han kunne, men på meg verkar han som ein typisk drømmar, skriv Sun-journalisten Julie Moult.

Foreldra til Madeleine har ikkje gitt opp håpet om å finne dottera i live.

Madeleine forsvann frå eit hus nær badebyen Praia da Luz 3. mai.

Les meir:

Politiet har en mistenkt i Madeleine-saken