Meny

Jenter på vill ferd med gravemaskin

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

To jenter i 12-14 årsalderen fekk i helga start på to gravemaskiner og køyrde vilt rundt i ein barnehage.

Gravemaskinane stod parkert på ein byggjeplass like ved ein barnehage på Stord.

- Det er nesten ikkje til å tru at dei har fått maskinene i gong, seier entreprenøren Bjarne Nordtvedt til avisa Sunnhordland.

Dei to jentene fann nøklane inne i førarhuset og klarte å køyre 70-80 meter med den eine maskina, ein 4,5 tonn tung Kumatsu. Dei stansa ikkje før det eine beltet gjekk av då dei prøvde å kome seg opp ei kneik.

Deretter gjekk dei inn i ei endå større gravemaskin. Denne maskina skal ha visstnok ha ein særleg vanskeleg startprosedyre nettopp for å gjere den utilgjengeleg for uvedkomande.

Jentene gravde litt i bakken der maskina stod, men fekk ikkje flytta på ho. Entreprenøren meiner dei to har vore heldige som har kome velberga frå hendinga og utan å gjere større skade.

Jentene skal også ha spraya smilefjes og stygge ord på vindauge og kontainarar i området.

Dei skal no ha tilstått ugjerninga, og Nordveit seier til Sunnhordland at han ikkje vil melde saka til politiet.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus