Flåttsesongen er i gang

Flåttsesongen er i gang
Flåttsesongen er i gang
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den milde vinteren kan ha gitt oss ein ekstra tidleg start på flåttsesongen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Flåttsesongen er i gang

Pass på og kontakt lege dersom du er usikker, seier ekspertane.
Foto: Flickr.com

Laboratoriestyrar ved Veterinærinstituttet, Snorre Stuen, meiner den milde vinteren kan føre til at flåtten vaknar til live tidlegare enn vanleg og peikar på at ein i Rogaland opplevde aktiv flått allereie i januar i år.

- Me har hatt ein unormalt mild vinter. Det kan også føre til at fleire flått overlever, seier han og viser til at den mest aktive flåttsesongen vanlegvis går frå mai til oktober.

Fjern innan 24 timar

Ifølgje Forsking.no finn me den største mengda flått i kystområde med fuktig klima. I Norge vil det i hovudsak seie frå Østfold til Nordland.

Flått (hantikk, skaubjønn) er eit familienamn for store, blodsugande middar. Den er flat og oval med skjold på ryggen. Lengda varierer frå 1 - 10 millimeter. Flåtten kjennest som ein klump på huda og kan feste seg over alt, men festar seg særleg der det er tynn hud.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stuen anbefaler å gå over kroppen for å sjekke om flåtten har festa seg, dersom ein har vore i områder som er utsett for flått. Dersom uhellet er ute, er det viktig å fjerne flåtten så snart som råd er, og helst innanfor 24 timar. Flåtten fjernar du med fingrane eller med pinsett.

Pass på – kontakt lege

Flåtten overlever ved å suge blod frå vertsdyr som til døme hjortedyr og kan overføre fleire bakteriar frå dyr til menneske. Den vanlegaste, i følgje Snorre Stuen, er Borrelia–bakterien som viser seg som eit raudt merke etter kort tid der flåtten har sugd seg fast. Dersom dette merket vert større enn 3 – 4 centimeter i diameter, kan du ha blitt smitta av Borrelia.

- Dersom det skjer bør du oppsøke lege og få antibiotika, seier Stuen.

Kan gi seinskadar

Andre symptom kan vere feber, slappheit, hovudverk og leddsmerter. Det er også kjent at ein kan få seinskadar og meir alvorlege symptom lang tid etter at flåtten har vore på ferde.

Andre bakteriar som kan smitte gjennom flåtten, er Anaplasma- bakterien og TBE-viruset, som her til lands ennå er noko ukjent.

For å unngå å bli angripen av flått er det viktig å kle seg godt i utsette område. Myggolje kan også hjelpe.

Framsidefoto av blodfylt flått: Steve Ford Elliott/sxc.hu