Meny

Norsk forfattar gjer stor suksess i Danmark:

Overlevelseslitteratur

Overlevelseslitteratur
Overlevelseslitteratur

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kim Leine forvandla si eiga rystande livshistorie til stor litteratur. Det har vakt oppsikt.
Fakta:

 

Kim Leine er fødd i 1961 i Noreg og flytta til Danmark som 17-åring. Han er utdanna sjukepleiar og har arbeidd på Grønland i 15 år. Han vendte tilbake til Danmark i 2004.

 

«Kalak» (2007) er Leines første roman. Forfattaren har sjølv omsett boka til norsk, og ho kjem ut på Cappelen forlag til hausten.

 

Les meir om forfattaren her

Det er vanskeleg å fatte at den veltilpassa og sindige mannen som sit på andre sida av kafébordet er incestoffer og tidlegare sprøytenarkoman. Men det er han. Som tenåring blei Kim Leine (46) seksuelt misbrukt av sin eigen far. I vaksen alder forsøkte han å døyva angsten og skammen med narkotiske stoff som han stal då han var ein betrudd sjukepleiar på Grønland.

No har han skrive bok om erfaringane sine. Erindringsromanen «Kalak» kom ut i Danmark tidlegare i år.

ABC Nyheter møter forfattaren på ein kafé i Oslo sentrum. Nordmannen er på veg tilbake til København etter eit kort besøk i heimlandet.

«En stor debut»

Den personlege og brutalt ærlege forteljinga har fått strålande mottaking i danske presse: «Kim Leine viser uforgløymelege kvalitetar med sitt sjølvportrett om incest og narkomani. Det er ein stor debut», skreiv den kjende litteraturkritikaren Klaus Rothstein i Weekendavisen. «Det er så rått, det er så audmjukande, det er så tragisk, og det einaste som stoppar lesaren i å kaste boka frå seg i depressiv avmakt, er den oppmuntrande viten om at mannen reint faktisk går klar av skjera og blir i stand til å skrive erindringsromanen sin.»

- I Danmark har vi eit kulturprogram på TV som heiter «Smagsdommerne» der kjende kulturpersonlegdommar uttalar seg om aktuell musikk, litteratur og film. Klaus Rothstein brukte då ti minutt på å skamrose boka mi. Salet steig betrakteleg etterpå, fortel forfattaren fornøgd, på ei gebrokken blanding av dansk og norsk.

- Det var ei fantastisk kjensle å skrive denne romanen. Eg brukte berre fire månader.

- Vil du kalle skriveprosessen ei form for sjølvterapi?

- Ja, det har vore terapeutisk viktig at alle får del i historia mi. Incesten, misbruket, alt saman. Den opprinnelege tittelen på romanen var «Dommedag». Eg heldt dommedag over meg sjølv i denne boka, i ibsensk forstand.

At digte, - det er at holde dommedag over sig selv. (Henrik Ibsen, «Digte», 1871)Leine brukar også ordet botsgjerning om boka.

- Romanen er eit oppgjer med svika mine, sviket overfor barna mine, ekskona mi og kollegaer. Når eg reiser rundt og har opplesingar, så vel eg medvite ut dei verste, mest brutale avsnitta. Det er ei form for reinsing.

Kim Leine held fast ved at alt han skriv, er dokumentarisk sant.

- I starten omtalte eg boka som ei kriseforteljing, à la Hamsuns Sult. Men no vel eg å kalle ho ei overlevelsesforteljing. Det gjev meir positive assosiasjonar, seier han og smiler lunt.

Skam og dommedagsangst

Kim Leine voks opp i Seljord i Telemark. Familien hans var med i Jehovas Vitne, eit trussamfunn der førestellinga om dommedag er til stades som ein høgst konkret realitet.

- Oppveksten min som Jehovas Vitne var full av angst, for Jehova og dommedag som eg visste ville innhente meg før eller sidan. Seinare fekk angsten eit anna ansikt, blei til far min, på grunn av incesten og alt det. Biletet av Jehova og far glei over i kvarandre.

Kim Leine var 17 år då han rømde frå mora i Noreg til faren i København. Forfattaren fortel korleis han såg opp til far sin. Desto styggare var sviket då faren etter kort tid byrja å misbruke sonen seksuelt.

- Overgrepa stod på i eitt år. Då klarte eg endeleg å seie nei. Men då tok krenkinga ei anna form og gjekk over til å bli mentale overgrep. Under påskot av at eg skulle gi han litterær råd, tvang han meg til å lese pornografiske noveller han sjølv hadde skrive, homoseksuelle historier som handla om ein eldre, moden mann og ein ung gut. Såleis heldt overgrepa fram, dei tok berre ei anna form.

Det tok tretti år før han klarte å bryte med faren. Det gjorde han per brev. No har dei ingen kontakt.

- Han var alltid så vennleg. Som om det seksuelle var noko vi var saman om, fortel Leine.

- Det gjorde det vanskeleg å gjennomskode handlingane hans som overgrep. Det tok mange år før eg gjorde det.

Misbrukaråtferd

Store delar av handlinga i romanen går føre seg på Grønland, der Kim Leine arbeidde som sjukepleiar i femten år.

Tittelen på boka, «Kalak», betyr «ein ekte grønlendar», forklarar Kim Leine.

- Men på meg blei det brukt ironisk, meir som «din jævla grønlendar». Dei meinte eg prøvde å bli for lik dei, flirer han.

Dei første åra budde Leine der saman med kona og dei to barna sine, så var han der aleine. Forbruket av grønlandske kvinner var høgt. Han makta ikkje å frigjere seg frå skamma og angsten som hadde følgd han sidan barndommen, og blei etter kvart narkoman:

I depotrummet finder jeg sprøjte, kanyler, spritservietter og staseslange. Jeg skælver igen. På personaletoilettet låser jeg mig inde og bliver siddende og lytter. Var det skridt jeg hørte ude på gangen? Nej, alt er stille. Desuden kan jeg ikke trække den længere.
Jeg åbner pakken med petidin. Ti skinnende ampuller ligger på rad og række. Med sitrende fingre fisker jeg to op, knækker halsen. Vakuummet bliver brudt med et blop. Jeg stiller ampullerne på kanten af vasken. Så lytter jeg igen. Denne gang er der ingen tvivl. Sandaler der klaprer nærmere, tøver, forsvinder. Men nu kan jeg ikke stoppe. En faldende mand kan ikke fortryde.
Jeg fjerner emballagen fra resten, monterer sprøjte og kanyle og stikker den ned i den ene ampul, trækker stemplet tilbage med tommelfingerneglen og suger stoffet op i sprøjten, støvsuger bunden, indtil jeg er sikker på at jeg har fået det hele med. Selv den mindste nanodråbe jeg efterlod ville hjemsøge mig bagefter. Jeg gentager proceduren med den anden ampul. Med pegefingeren knipser jeg luftblærer væk og trykker langsomt på stemplet, indtil sprøjten er lufttom.

- Misbrukaråtferda i livet mitt smitta over på meg. Eg utvikla det eg kallar for ei fluktåtferd, fortel forfattaren.

- Men eg klarte å gjennomføre sjukepleiaryrket forbausande godt. Eg var ansvarsbevisst, og fungerte nærmast som lege rundt om i distrikta.

Stoffmisbruket varte i to år. Det tok først slutt då kollegaene hans oppdaga kanylen og slangen som han hadde lagt frå seg på vasken. Han fekk sparken som sjukepleiar og blei sendt ut av landet.

- Kanskje eg umedvite ville bli oppdaga, seier han stille.

- For eg visste at eg ikkje ville klare å slutte av meg sjølv.

Familien i sjokk

- Du er svært ærleg i denne boka og utleverer på mange måtar familien din. Korleis reagerer dei på utgjevinga?

- Den norske familien min er totalt i sjokk over boka, flirer han.

- Vi snakkar ikkje så mykje om ho. All litteratur er sjølvbiografisk, etter mi meining. Ein forfattar vil alltid utlevere seg sjølv og bli skulda for å bruke levande modellar. Det er kanskje ein trend i tida, men det biografiske vil alltid vere der.

Han har også sendt boka til faren. Men korleis han reagerte, kan han berre tenkje seg.

- Det verste er at han sannsynlegvis nyt merksemda. Mannen er ekshibisjonist, kommenterer Leine tørt.

Kim Leine har sjølv omsett Kalak til norsk. Boka kjem ut i norsk omsetning på Cappelen forlag til hausten.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus