Katt overlevde 35 døgn utan mat og vatn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Katten var innestengd i ein container på eit skip på veg frå Kina til New York.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amerikanske Eric Congdon fekk seg ei overrasking då han opna containeren med motorsykkelutstyr han hadde bestilt frå Kina. Saman med utstyret fann han også ein utsvolten pusekatt, melder nyheitsbyrået AP.

- Eg såg noko som rørte seg inni containeren, seier Congdon. - Eg skrudde på lysa på gaffeltrucken for å sjå betre.

Då oppdaga han katten innerst i hjørnet. Svak, men framleis i live. Congdon, som driv ein motorsykkelforretning, fortel at han og kollegaen tilkalte veterinær sidan dei ikkje fekk nærme seg dyret.

Katten, som no har fått namnet «Kina», har tygd seg gjennom ein av boksane før desse blei frakta med skip frå Shanghai 3. april. Skipet kom fram til North Carolina tirsdag. Katten har med andre ord overlevd i 35 døgn innestengd i containeren.

Ein kollega av Congdon har planar om å adoptere katten etter at ho har vore i karantene seks månader. Loven i North Carolina krev at alle dyr må i karantene når dei kjem til landet.

At katten har overlevd så lenge utan næring, er eit under.

- Vanlegvis kan dyr berre overleve nokre få veker utan mat og berre nokre få dagar utan vatn, fortel veterinær Michelle Misavage.

Illustrasjonsfoto forside: Scanpix