Meny

Sør-Noreg skal på skinner

Sør-Noreg skal på skinner

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Tog kan redde både miljøet og menneskeliv, argumenterer dei som vil ha lyntog mellom aust og vest.

Det tyske selskapet Verkehrswissenschaftliches Institut (VWI) jobbar for tida på oppdrag frå regjeringa med ei større utgreiing av høgfartstog.

Allereie i fjor gav VWI uttrykk for at høgfartstog mellom Oslo – Trondheim og Oslo – Gøteborg var verd å utgreie vidare, men synte lita tru på høgfartsbane frå hovudstaden og vestover. Til trass for det, har samferdselsministeren bede Jernbaneverket utvide oppdraget til VWI til også å gjelde lyntogsamband mellom Oslo og Bergen/Stavanger.

Oslo – Bergen på 2 ½ time
To ulike banealternativ for aust-vestsambandet er no under utgreiing hjå dei tyske jernbaneekspertane:

Den sørnorske høgfartsringen knyter aust og vest saman over Hardangervidda og gjennom Sørlandet. (Skjermbilde frå hhringen.no)Den sørnorske høgfartsringen knyter aust og vest saman over Hardangervidda og gjennom Sørlandet. (Skjermbilde frå hhringen.no)

Den sørnorske høgfartsringen er både eit høgfartnett og eit regionnett som vil kombinere nye og eksisterande banar. Hovudtraseane vil gå frå Oslo nedover Sørlandet til Stavanger, frå Oslo via Hardangervidda til Bergen, pluss ein trasé som tar for seg Vestfold.

Haukelibanen tar óg utgangspunkt i Oslo, men går over Haukelifjell kor han deler seg i to greiner: ei til Bergen og ei til Haugesund og Stavanger.

Båe banane vil gi ei reisetid Oslo – Bergen på snautt to og ein halv time.

Miljøgevinsten
Ein høgfartsbane som fraktar både folk, gods og tungtransport vil gi innsparingar av CO2-utslepp.

Ifølgje SSB stod sjø-, luft- og landtransport saman med primæringane og offentleg og privat tenesteyting i heile landet til saman for utslepp av 11 millionar tonn CO2 i 2005.

Dagleg leiar i Norsk Bane as, Jørg Westermann, syner trasevala for Haukelibanen. (Foto: Toyni Tobekk)Dagleg leiar i Norsk Bane as, Jørg Westermann, syner trasevala for Haukelibanen. (Foto: Toyni Tobekk)

I ein slik samanheng vil ei innsparing frå Haukelibanen på mellom 460 000 og 750 000 tonn CO2 årleg ikkje utgjere mykje i prosent. Men gevinsten er viktig, meiner Norsk Bane AS, som jobbar med å få realisert Haukelibanen.

40 prosent CO2-reduksjon
- Bygd på rett måte, utan for store stigingar i terrenget og mange og krappe svingar, er ein jernbane eit veldig godt alternativ for miljøet, seier dagleg leiar Jørg Westermann.

- Innsparinga må ein mellom anna sjå i samanheng med den trafikken ein erstattar.

Westermann understrekar at det er langt fleire målbare einingar enn CO2 som er med i reknestykket når ein skal finne miljøgevinsten.

Den sørnorske høgfartsringen opererer med ein reduksjon i CO2-utsleppa opp mot 40 prosent viss ringen blir ein realitet.

- Me kan ikkje seie dette så bombastisk, seier Øyvind Halleraker (H), ein av initiativtakarane til høgfartsringen.

- Det kjem an på kor stor del av flytrafikkmarknaden me greier å ta, og det er mange andre faktorar som speler inn.

Ingen dødsfall
Ein annan faktor å rekne med ved overgangen frå bil og fly til tog, er tap av menneskeliv. Dette kom fram på ein regionkonferanse Norsk Bane hadde i Stavanger denne veka. I Japan har lyntog av typen Shikansen gått i meir enn 40 år utan dødsulukker som følgje av avsporing eller kollisjon.

Heller ikkje det franske høgfartstoget TGV har hatt dødsulukker, ifølgje TGVweb.

I EU skal det fram mot 2020 byggast 95 000 kilometer jernbane, og av desse er 20 000 kilometer høgfartsbane.

Kjelder: TGVweb Wikipedia High Speed Rail Stavanger Aftenblad

Illustrasjonsfoto: Flickr

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus