Rumpeklypar må i fengsel
Mannen besøkte ein nattklubb i Bergen i februar. Godt påsegla etter 15 halvlitarar skal han ha sjangla rundt i lokalet og kome i konflikt med kvinna, melder nettstaden iBergen.no.
Ifølgje kvinna skal mannen ha overfalt baken hennar og nekta å gje seg då ho skubba han vekk. Mannen skal då ha vridd armen hennar bakpå ryggen og gjort framstøt mot skrittet hennar.
Mannen sjølv hevdar at han ikkje hugsar å ha klypt kvinna.
Vaktane kasta han deretter ut av nattklubben, noko som skal ha fått mannen til å kome med trugslar.
No er han dømt både for seksuelle handlingar utan samtykke og trugslar mot dørvaktane.
«Retten (...) finn bevist utover ein kvar rimeleg tvil at tiltalte kneip ho i rumpa utan at ho hadde samtykka til dette. Å knipe ein person i rumpa er ein seksuell handling som blir råka av straffelovens § 200 første ledd.» konkluderer retten i dommen.
Mannen blei dømt til 45 dagars fengsel. Han må også betale saksomkostningar på 3000 kroner.
Forsidefoto: Flickr.com