Småbarn blir aggressive av TV

Småbarn blir aggressive av TV
Småbarn blir aggressive av TV
Artikkelen fortsetter under annonsen

40 prosent av amerikanske babyar på tre månader ser TV med jamne mellomrom. Som toåringar er 90 prosent herda TV-sjåarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Scanpix

Smårollingar som ser for mykje TV får konsentrasjonsvanskar og blir aggressive, viser ny forsking.

Ein studie gjennomført ved universitetshospitala i Washington og Seattle viser at amerikanske småbarn ser TV i stadig yngre alder, melder Telegraph. Nesten halvparten av borna i studien «ser» TV eller DVD jamleg frå dei er tre månader gamle. Og når barna feirar toårsdag, er 90 prosent av dei allereie herda og erfarne TV-brukarar, nesten som oss andre.

1.000 barn skal ha deltatt i studien, som blei publisert i Archives of Pediatrics and Adolescent Medicine journal.

Professor Frederick Zimmerman, hovudforfattar bak den amerikanske studien, uttalar:

- Overdriven TV-sjåing før treårsalderen har vist seg å vere knytt til konsentrasjonsvanskar, aggressiv åtferd og dårleg mental utvikling.

Den framtredande britiske psykologen Aric Sigman meiner det er eit klart samband mellom barn sitt TV-forbruk og ei lang rekkje lidingar som fedme, åtferds- og søvnproblem. Etter hans meining bør ikkje barn under tre år sjå TV i det heile tatt. Sjuåringar bør maksimalt sjå 30 til 60 minuttar TV dagleg og eldre barn opp til tenåringsalder maks ein til halvannan time kvar dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den amerikanske studien er den første som tar for seg medievanane til dei aller minste barna.

Blant spedbarna og smårollingane som såg TV eller DVD, auka den daglege TV-sjåinga frå ein time per dag for barn under eitt år til meir enn 1,5 timar dagleg ved toårsalderen.

Årsakane til at foreldra lèt barn under to år sjå TV:

- 29 prosent meinte TV og DVD var lærerikt og bra for hjernen til barnet.

- 23 prosent sa at TV-sjåing var morosamt og avslappande for barnet.

- 21 prosent brukte TV-apparatet som ein «elektronisk barnevakt» så dei kunne gjere andre ting.

Trur du det er skadeleg for småbarn å sjå TV? Skriv meininga di i kommentarfeltet under.