Ap-politikar og kyrkjetenar etterforska av Kripos

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein lokalpolitiker og kyrkjetenar i Tromsø blir etterforska for krigsbrotsverk i Rwanda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Styresmaktene i Rwanda meiner at 15 namngitte personar som er mistenkt for medvirking til folkemord vere busett i Noreg. Ein av desse er Vincent Ndikumana, som har budd i Noreg i ni år, melder TV 2 Nyhetene. Lokalpolitikaren frå Ap var ikkje klar over at han blir etterforska av Kripos for lovbrot i heimlandet før han møtte TV 2 i går føremiddag.

- Dei som er farlege for regjeringa, er sånne som meg, eg som har sett kva dei gjorde. Eg er på eit vis eit vitne, seier Vincent Ndikumana. Han lar seg gjerne bli etterforska av Kripos.

- Ja, absolutt. Det må dei gjere. Eg vil ikkje sei noko til politiet, men til det norske folket. Det norske folk blir lurt og manipulert.

Ein av fire av dei 15 som Kripos etterforskar, skal vere busett i Tromsø. Politiet i byen skal ikkje ha fått informasjon om etterforskinga.

- Eg synest vi burde ha vore orientert, og er forundra over at det ikkje skjer nokon ting, uttalte politimeister Truls Fyn til TV 2 Nyheten.

Folk i kyrkjelyden og innanfor Arbeiderpartiet i Tromsø skal vere overraska over skuldingane mot Vincent Ndikumana.