Suppe mot overvekt

Suppe mot overvekt
Suppe mot overvekt
Artikkelen fortsetter under annonsen

Suppe som forrett før måltidet reduserer det totale kaloriinntaket og er kanskje det som skal til for å få bukt med overvekt og fedme.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

Forskarar frå Pennsylvania State University har testa ut denne suppeteorien på ei rekkje frivillige forsøkspersonar. Forsøket viste at folk som fyller magen med suppe før dei et lunsj, reduserer kaloriinntaket sitt med ein femtedel i forhold til dei som berre går rett i gang med lunsjen.

Tjukk eller tynn betyr lite

Undersøkinga vart lagt fram på konferansen Experimental Biology 2007 i Washington denne veka.

Forskarane slår her fast at det ikkje har så mykje å seie om suppa er tjukk eller tynn, om det er bitar å tygge på osb. Det viktigaste er at det er ei lavkalorisuppe, blir det presisert.

- Ved å ete lavkalorisuppe før måltidet, får folk eit ekstra måltid samstundes som dei får i seg færre kaloriar totalt, seier leiaren for undersøkinga Judy Fly, ifølgje The Independent.

Ho anbefalar supper som inneheld 100 til 150 kaloriar per porsjon og åtvarar mot kaloririke, krema supper som i verste fall kan gjere vondt verre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hemmelege grønsaker

Ei anna undersøking ved same universitet har tatt for seg korleis ein kan bruke same strategi for å få barn til å ete mindre.

61 barn fekk tilgang på to ulike pastasausar – ein som var spedd ut med grønsaker og ein rein saus. Barna som åt den utspedde pastasausen fekk i seg gjennomsnittleg 17 prosent færre kaloriar totalt.

Viss ein sper ut pastasausar med blomkål og brokkoli, til dømes, kan ein redusere kaloriinnhaldet opp til 25 prosent, ifølgje forskarane. Som ein ekstra bonus får ein og «lurt» nokre hemmelege grønsaker i barn som elles er motvillige til gulrøter og kål.

WHO er bekymra

Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært at overvekt er ein kronisk sjukdom, og anslår at om lag 1,7 milliardar menneske verda over lir av overvekt*. Det er meir enn ein fjerdedel av jordas befolkning.

Viss ikkje tiltak blir sett i verk for å få bukt med overvekta, fryktar organisasjonen at talet vil kome opp i 2,5 milliardar innan 2010.

* 1,4 milliardar menneske lir av overvekt, medan 300 millionar menneske lir av fedme. Ein overvektig person har ein Body Mass Index (BMI) mellom 25 og 29,9, medan BMI over 30 tilsvarar fedme.